Opna hovudmenyen

Southern rock er ein undersjanger av rock og ein sjanger innan americana. Han utvikla seg i Sørstatane i USA ut frå rock and roll, country og blues, og fokuserer generelt på elektrisk gitar og vokal. Sjølv om opphavet til omgrepet «southern rock» er ukjend «meiner mange at desse bidragsytrarane til utviklinga av rock and roll har blitt undervurdert i rockehistoria».[1]

The Allman Brothers Band spelte southern rock med lange jammar. The Marshall Tucker Band var òg kjend for å bruke jazzinstrument som fløyte og saksofon i jammane sine. Laust tilknytt den første bølgja av southern rock-artistar var Barefoot Jerry og Charlie Daniels. Tidleg i 1970-åra kom ei ny bølgje meir hardrock-prega southern rock-grupper. Desse la vekt på boogie-rytmar, kjappe gitarsoloar og tekstar som omhandla det ofte utsvevande livet til arbeidarklasseungdommar i Sørstatnae, ikkje ulikt outlaw country-rørsla. Sjølve musikken var tungt inspirert av rockemusikken frå slutten av 1960-åra.

I 1990-åra dukka det òg opp southern rock-artistar. The Black Crowes, som kom frå Atlanta i Georgia, blanda stilen til band som Led Zeppelin og The Rolling Stones med southern rock-stilen til The Allman Brothers Band. I tillegg har alternativ rock-grupper som Kings of Leon kombinert southern rock med garagerock, alt-country og bluesrock. Fleire av dei tidlege southern rock-gruppene frå 1970-åra er framleis aktive, som Lynyrd Skynyrd, The Marshall Tucker Band, Molly Hatchet, ZZ Top og Wet Willie.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. Brant, Marley. Southern Rockers: the roots and legacy of Southern rock. New York: Billboard Books, 1999, p. 22