Doolin Cave
Doolin Cave eller Pol an Ionáin (irsk 'Poll an Eidhneáin)[1] er ei kalksteinsgrotte ved landsbyen Doolin i County Clare i Republikken Irland, vest i karstlandskapet Burren. Grotta er kjend for ei fritthengjande stalaktitt på 6,54 meter, som skal vera den lengste i sitt slag på den nordlege halvkula.
Doolin Cave | |||
Land | Irland | ||
---|---|---|---|
Doolin Cave 53°02′31″N 9°20′42″W / 53.04194444°N 9.345°W | |||
Wikimedia Commons: Doolin Cave |
Stalaktitten blei oppdaga i 1952 av J.M. Dickenson og Brian Varley frå Craven Pothole Club.[1] Grotta opna for publikum i 2006.
Galleri
endre-
Området rundt grotta
-
Trappene ned til stalaktitten
-
Stalaktitten i Doolin Cave
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Doolin Cave and 'The Great Stalactite'», www.doolinireland.net, arkivert frå originalen 22. april 2021, henta 7. juni 2020
- Denne artikkelen bygger på «Pol an Ionain» frå Wikipedia på bokmål, den 7. juni 2020.