Dorian Bay er ei vik på nordvestsida av Wiencke Island, 1 km aust-nordaust for Damoy Point i Antarktiske Arkipel. Ho vart oppdaga av Den franske antarktisekspedisjonen, 1903–05, under Jean-Baptiste Charcot, og vart namngjeven av han etter Monsieur Dorian, eit medlem av French Chamber of Deputies.[1]

Dorian Bay
vik
Land  Antarktis
Stad Graham Land
 - koordinatar 64°49′S 63°30′W / 64.817°S 63.500°W / -64.817; -63.500
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Dorian Bay
64°49′00″S 63°30′00″W / 64.8167°S 63.5°W / -64.8167; -63.5
Dorian Bay is located in Antarktis
Dorian Bay (Antarktis)

To strukturar vart reiste ved kysten av Dorian Bay, den argentinske Refugio Bahia Dorian i 1957, og ein større bygning kalla Damoy-hytta i 1975, i samband med flyturar til og frå ei isstripe på sommaren før sjøisen forsvann nær Rothera forskingsstasjon. Damoy-hytta og isstripa vart lukka i 1995 og bygningen er no oppført på lista over verneverdige stader og minnesmerke i Antarktis.

Den argentinske nødhytta
Damoy Hut


Kjelder

endre
  1. «Dorian Bay». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 16. oktober 2012. 

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Dorian Bay» (innhald frå Geographic Names Information System).