Dorothea Margrethe Scholdager
Dorothea Margrethe Schjoldager (19. september 1853–30. september 1938) var ei norsk kvinnesakskvinne, lærar og sosialarbeidar.
Dorothea Margrethe Scholdager | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 19. september 1853 Tromsø |
Død |
30. september 1938 (85 år) |
Yrke | politikar, lærar |
Politisk parti | Venstre |
Medlem av | Norsk Kvinnesaksforening |
Dorothea vart fødd i Tromsø, men vaks opp i Vardø. Ho var dotter til Anna Martha (Margrethe) Figenschou (1832–74) tollbetjent Hagbart Nilsen Schjoldager (1823–73).[1]
Ho var engasjert i Indremisjonen og KFUK og ei lang rekkje andre organisasjonar og samanhengar, som kyrkjekommisjon, Norges Lærerinneforbund, fråhaldssaka, stemmerettsforening, Norsk Kvinnesaksforening, Norske Kvinners Nasjonalråd og Venstre. I 1901 tok ho initiativ til å få bygd ein mødreheim for ugifte mødre. Då ho vart utnemnd til medlem av kyrkjekommisjonen i 1908, var ho første kvinna utnemnd til noko verv av Kongen i statsråd.
Dorothea Scholdager tok i 1918 initiativ til feiring av morsdagen i Noreg. Sidan argumenterte ho for kvinnelege prestar og kvinneleg politi.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dorothea Scholdager» frå Wikipedia på bokmål, den 19. april 2016.