Dortmund-turneringa i sjakk
Dortmund-turneringa i sjakk eller Dortmund Sparkassen Chess Meeting er ei av dei mest prestisjefylte sjakkturneringane som blir arrangert kvart år. Den står i så måte berre tilbake for turneringane Corus og Linares. Turneringa blir vanlegvis halden i Dortmund i juli/august.
Det er ei lukka turnering, berre for inviterte spelarar. Unntaket har dei siste åra vore at ein plass har blitt reservert for spelaren som vinn den årlege turneringa Aeroflot Open i Moskva, ei turnering der A-gruppa er open for alle spelarar som har over 2550 i FIDE-rating.
Turneringa har vanlegvis blitt spela som ei alle-mot-alle-turnering, også som dobbel alle-mot-alle. I 2002 og 2004 vart det spela utslagskampar (cup).
2002-turneringa var også kandidatturnering til det «klassiske» VM i sjakk 2004. Péter Lékó vann kandidatturneringa, der han slo Veselin Topalov i finalen.
Vladimir Kramnik har vunne Dortmund-turneringa heile ti gongar.
Tidlegare vinnarar
endreTurneringar i Dortmund før 1973
endre# År Vinnar (1) 1928 Fritz Sämisch (2) 1951 Albéric O'Kelly de Galway (3) 1961 Mark Taimanov
Sparkassen Chess Meeting frå 1973
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «en:Dortmund Sparkassen Chess Meeting» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mai 2010.