Doueir
Doueir (arabisk: دوير, al-Dwayr) eller Dweir er ein landsby med kring 7 500 innbyggjarar i Sør-Libanon nær Nabatiyeh og nord for Litani. Sjølv om Doueir vert rekna som ein liten landsby, er han heimstaden til kjende libanesarar som den tidlegare arbeidsministeren Ali Qanso, Mehdi Kanso og kjernefysikaren Rammal Rammal.
Doueir | |||
دوير | |||
by | |||
Land | Libanon | ||
---|---|---|---|
guvernement | Nabatieh guvernement | ||
Distrikt | Nabatieh distrikt | ||
Høgd | 420 moh. | ||
Koordinatar | 33°23′11″N 35°24′52″E / 33.38639°N 35.41444°E | ||
Areal | 10 km² | ||
Retningsnummer | +961 | ||
Doueir 33°23′11″N 35°24′52″E / 33.386388888889°N 35.414444444444°E | |||
Kart som viser Doueir.
| |||
Wikimedia Commons: Doueir |
Under Libanonkrigen i 2006 var Doueir eit av dei første måla til det israelske forsvaret, og ein familie på 12 vart drepen den 13. juli 2006.[1][2][3] Landsbyen har sidan nytt godt av investeringar frå den italienske regjeringa som bygde ei ny olivenoljemølle.[4]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Doueir» frå Wikipedia på engelsk, den 23. september 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Report of the Commission of Inquiry on Lebanon pursuant to Human Rights Council resolution S-2/1 (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 17. juni 2013, henta 23. september 2014
- ↑ Blanford, Nicholas; Stephen Farrell (14. juli 2006). «Two sides — one war». The Times (London). Henta 22. september 2014.
- ↑ Commission of Inquiry on Lebanon - Attacks on civilians and civilian objects - Doueir, arkivert frå originalen 12. februar 2012, henta 23. september 2014
- ↑ «Italy funds new olive mill, generator in southern town». Daily Star (Lebanon). 26 August 2008. Henta 22. september 2014.