Douglas DC-1 var eit passasjerfly laga av Douglas Aircraft Company i 1933. Det var den første modellen i den berømte DC-serien (Douglas Commercial) deira.

Douglas DC-1

Historie og utvikling endre

Utviklinga av desse flya kan førast tilbake til ei flyulukke i 1931 der den norskætta populære idrettshelten og fotballtrenaren Knute Rockne omkom. Etter denne ulukka med ein Fokker Trimotor frå TWA (Transcontinental and Western Air Inc.), seinare Trans World Airlines, som var forårsaka av vengebrot i trekonstuksjonen, avgjorde amerikanske flystyresmakter at alle passasjerfly frå no av skulle ha metallvenger. Eit anna krav var at flyet skulle kunna fly vidare viss éin motor fall ut. TWA kontakta fire flyfabrikker om bygging av eit tre-motors fly som kunne imøtekoma dei nye krava. Ein rekna den gongen med at eit fly måtte ha minst tre motorar for å kunna fly med éin motor ute av drift. Douglas Aircraft Company la fram eit forslag til eit to-motors fly i metall for 12 passasjerar. Flyet overskreid langt krava frå TWA. Det var lydisolert, hadde oppvarma cabin og var i stand til å gjennomføra flyging og ei kontrollert landing på éin motor.

Grunnleggjaren til fabrikken, Donald Douglas Sr., skal ha vore tvilande til å delta i utfordringa frå TWA, då han meinte at behovet for slike fly ville vera mindre enn dei 100 som var naudsynt for å dekka utviklingskostnadane.

Det vart berre produsert eit eksemplar av flyet, som vart namngjeve Douglas DC-1 (Douglas Commercial). Det flaug fyrste gong 1. juli 1933.

Kjelder endre

Referansar


Litteratur endre

  • Francillon, René J. McDonnell Douglas Aircraft since 1920. London: Putnam, 1979. ISBN 0-370-00050-1.