Dovrat (hebraisk דָּבְרַת) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg nær Afula og høyrer til Jezreeldalen regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 282.

Dovrat
kibbutz
Land  Israel
Region Galilea
Distrikt Nord distrikt
Kommune Jezreeldalen
Koordinatar 32°38′49.91″N 35°20′57.84″E / 32.6471972°N 35.3494000°E / 32.6471972; 35.3494000
Folketal 554 (2021)[1]
Grunnlagd 30. oktober 1946
 - Grunnlagd av Austerrikske og tyske emigrantar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Dovrat
32°38′50″N 35°20′58″E / 32.647197222222°N 35.3494°E / 32.647197222222; 35.3494
Wikimedia Commons: Dovrat

Kibbutzen vart grunnlagd den 30. oktober 1946 av Zara'im kvutza, som hovudsakleg bestod av emigrantar frå Austerrike og Tyskland, som hadde kome her før andre verdskrigen byrja. gruppa hadde samla seg i Ein Harod i 1942 for å førebu grunnlegginga av ein ny landsby. Den nye kibbutzen vart kalla opp etter levittarbyen som låg i området og som høyrte til Jissakar-stammen (Josva 21:28).

I 1947 vart landområde kjøpt av Jewish National Fund. Under den arabisk-israelske krigen i 1948 vart kibbutzen flytta til den nye staden, først kalla Dovrat Illit (Øvre Dovrat).

Bakgrunnsstoff endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.cbs.gov.il/he/publications/doclib/2019/ishuvim/bycode2021.xlsx.