Dr. Kawashima's Devilish Brain Training: Can You Stay Focused?

dataspel frå 2012

Dr. Kawashima's Devilish Brain Training: Can You Stay Focused?, kjent i Nord-Amerika som Brain Age: Concentration Training, er eit hjernetrimspel utvikla og utgjeve av Nintendo til Nintendo 3DS. Det vart utgjeve i Japan i juli 2012 og februar året etter i Nord-Amerika. Spelet hadde planlagt utgjeving i Europa mars 2013[1], deretter 12. april 2013, før det vart utsett på ubestemt tid.[2] Til slutt vart spelet lansert i Europa den 28. juli 2017, nøyaktig fem år etter utgjevinga i Japan.

Dr. Kawashima's Devilish Brain Training: Can You Stay Focused?
Utviklar(ar)Nintendo SPD
Utgjevar(ar)Nintendo
Kreativt ansvarleg(e)Noriko Kitamura
Yuichiro Ito
Produsent(ar)Kouichi Kawamoto
Komponist(ar)Minako Hamano
Shinji Ushiroda
Megumi Inoue
Shinobu Nagata
SerieBrain Age
Plattform(er)Nintendo 3DS
UtgjevingJP: 28. juli 2012
NA: 10. februar 2013
EU: 28. juli 2017
SjangerHjernetrim
SpelemodusEinspelar, fleirspelar
AldersgrensePEGI 3
Nettstadhttp://brainage.nintendo.com/, https://www.nintendo.co.jp/3ds/asrj/
Del av serien Brain Age⠀

Devilish Brain Training har øvingar som legg vekt på konsetrasjonsevne og fokuserer på å trene arbeidsminnet til spelaren. Konsentrasjonsøvingane, kalla «Devilish Training», har ein dynamisk vanskegrad som tilpassar seg ferdigheitene til spelaren. Spelet inneheld også øvingar henta frå dei tidlegare spela i Brain Training-serien, Dr. Kawashima's Brain Training: How Old Is Your Brain? og More Brain Training from Dr. Kawashima: How Old Is Your Brain?, i tillegg til nye aktivitetar.[3] Den japanske doktoren Ryuta Kawashima fungerer som vert og motivator i spelet, og han manifesterer seg som eit svevande hovud. Når spelaren vel modusen «Devilish Training» skiftar han form til å likne ein oni, som er demonar frå japansk mytologi med horn og raud hud. I Vesten vart omgrepet oni lokalisert som «djevel», derav namnet Devilish Training.[4]

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre