Thorleif Haug (28. september 189412. desember 1934) var ein norsk skilaupar fødd i Lier. Han vert halden for å ha vore den beste skilauparen i verda rundt 1920 og då dominerte han i både langrenn og kombinert, attåt at han gjorde seg gjeldande i hopp. I dei fyrste olympiske vinterleikane i 1924 i Chamonix tok han tre gullmedaljar (18 km, 50 km og kombinert). Haug vann femmila i Holmenkollrenna heile seks gonger, noko ingen andre har klart verken før eller seinare. I 1919, 1920 og 1921 vann han både kombinerttevlinga og 5-mila. I 1919 fekk han Holmenkollmedaljen saman med Otto Aasen. Thorleif Haug var medlem i Drafn. Av yrke var han røyrleggjar. Han døydde av lungebrann berre førti år gammal. I 1946 vart det sett opp ein statue av Haug i Drammen, denne er laga av bilethoggaren Per Palle Storm.

Thorleif Haug


Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. september 1894
Lier
Død

12. desember 1934 (40 år)
Drammen kommune

Idrett kombinert, skihopping, langrenn
Tok del i

Langrenn under Vinter-OL 1924 – 18 kilometer herrer, Langrenn under Vinter-OL 1924 – 50 kilometer herrer, Nordic combined at the 1924 Winter Olympics

Utmerkingar

Holmenkollmedaljen

OL-medaljar endre

Bakgrunnsstoff endre