Hans Bjørnstad (18. mars 192824. mai 2007) var ein norsk skihoppar frå Lier. Han representerte Ski- og Ballklubben Drafn og vart verdsmeister i skihopp i 1950 i Lake Placid.

Hans Bjørnstad

Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. mars 1928
Lier
Død

24. mai 2007 (79 år)

Yrke skihoppar
Hans Bjørnstad på Commons

Aktiv endre

Bjørnstad vann fem førstepremiar i hopprenn i 1946-sesongen, og han vart nummer tre i junior-NM og nummer 5 i Holmenkollen. Året etter vart han nummer 6 i noregsmeisterskapen. I 1948 vann han fem skirenn, mellom anna krinsmeisterskapen, og han tok ein sjetteplasss i Holmenkollen. Også i 1949 vart han nr 6 i Holmenkollen, men vann hopprenn både i Drafnkollen og Skuibakken. Viktigast i 1949-sesongen var nok likevel at han vart med i uttakingsrennet til verdsmeisterskapen 1950.

Kring juletid 1949 reiste Bjørnstad til Skuibakken i Bærum for å trene med landslaget, etter oppfordring frå den sentrale idrettsleiaren Hansteen Johansen. Det enda med at Bjørnstad kom med i hopptroppa til VM i Lake Placid, som sjuandemann på laget. Etter nokre oppvarmingsrundar i OL-bakken var det ingen tvil om at han måtte få starte i VM-hopprennet. Bjørnstad presterte over evne i tevlinga, og vart verdsmeister med klar margin. Han hadde dei to lengste hoppa i tevlinga, 68 meter og 68,5 m, og fekk seks poeng meir enn svensken Ture Lindgren. På bronseplasss kom Arnfinn Bergmann.

Same året som Bjørnstad tok VM-gull, vart han også nummer to i Holmenkollen og fekk sølvmedaljen i NM. Han kom ikkje med til OL i Oslo 1952, men viste si klasse då han slo til med 127 meter, hans lengste hopp nokon gong, og vart bestemann under eit kvalifikasjonsrenn i Oberstdorf 27. februar 1952.

Tida rundt Bjørnstads gjennombrot var ei brytningstid i internasjonal hoppsport. Bjørnstad prøvde nye teknikkar. Mellom anna prøvde han ut ein ny type sats som seinare vart kalla «fartssats».

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn endre

  • 1948: Nr 6 i Holmenkollen
  • 1950: Verdsmeister i Lake Placid. Nr 2 i Holmenkollen
  • 1951: Nr 7 i Holmenkollen
  • 1952: Nr 6 i Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Kjelder endre

  • Bokmålswikipedia