Dragracing
Dragracing er ei form for motorsport som går ut på at to fargreier tevler om å køyra ei kort lengd frå ståande start raskast mogleg. Det er altså om å gjera å ha best akselerasjon. Sporten oppstod i ørkenstrøk av California i USA på 1930-talet. Ein driv med dragracing for preparerte bilar, spesialbilar som dragster, motorsyklar, resarbåtar og snøskuterar.
Som regel er strekninga ein tevler på ¼ engelsk mile (ca 400 meter) og føregår på ein bane med asfalt- eller betongdekke. Det finst hundrevis av klassar for køyretøy med ulike tekniske avgrensingar.
National Hot Rod Association (NHRA) blei stifta i USA i 1951, og bilsporten blei anerkjend av Det internasjonale bilforbundet (FIA) i 1965.
Kjelder
endre- «dragracing» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Dragracing» frå Wikipedia på bokmål, og «Dragracing» frå Wikipedia på svensk den 3. juni 2011.