Drammen Elektriske Bane AS
A/S Drammen Elektriske Bane var eit transportselskap i Drammen, stifta i 1909. Det dreiv persontransport med trolleybussar, lokalt kalla «trikk». Rutene hadde knutepunkt på Bragernes torg og Strømsø torg. Verksemda med trolleybuss blei lagt ned i 1967 etter at det kommunale aksjeselskapet Drammen Kommunale Trikk hadde stått for trolleybussdrifta i fleire år.