Drammen Kommunale Trikk

Drammen kommunale trikk A/S var eit norsk aksjeselskap eigd av Drammen kommune for å drive kollektivtrafikk med trolleybuss og buss i Drammen (det har aldri vore trikk (sporvogn) i Drammen). Selskapet blei skipa av bystyret i Drammen etter at konsesjonen (det offentlege løyvet) til den tidlegare trolleybussoperatøren, A/S Trikken, gjekk ut[1], og var verksam frå 1947 fram til 1981. I 1980 gjekk selskapet saman med andre busslinjer inn i det nyskipa Drammen og Omegn Busslinjer (DOB), som 1. januar 1981 byrja verksemda si i Drammen og grannekommunane Lier og Nedre Eiker. Dette selskapet blei selt til Nettbuss i 1999.

A/S Drammen Kommunale Trikk

BransjeTransport
Skipa1947
Nedlagd1981
Forgjengar(ar)Trikken
Etterfylgjar(ar)Drammen og Omegn Busslinjer
EigarDrammen kommune
HovudkontorDrammen
LandNoreg

Soga endre

 
Trolleybuss eigd av A/S Drammens Elektriske Bane. Bussen hadde kompakte gummihjul og blei på folkemunne kalla «skinn- og benfri». Fotografi frå ikring 1910.

Framlegget om å lage ei skjenelaus elektrisk bane for kollektiv persontransport i Drammen vart fremja i 1904 av ein ung ingeniør, Hans Jensen, som hadde studert eit slikt anlegg i Tyskland. I 1909 vart A/S Drammens Elektriske Bane skipa med ein aksjekapital på kr. 140 000 og kommunen som medeigar. Selskapet byrja verksemda 15. desember 1909 med fire trolley-bussar som tok 25 passasjerar kvar. Nye vogner kom til etter kvart, til dels bygd ved eigen verkstad (1927-31). Vognhallen låg i vognmann Otto Larsens tidlegare eigedom i Erik Børresens gate.

Trikken (trolleybussane) gjekk på yrkedagar frå klokka 6 til 24, og på sundagar og heilagdagar frå klokka 15 til 24, i ei 30 minutts rute frå Bragernes torg til Brakerøya (om lag 1,5 km) og Landfalløya (om lag 2,3 km), og i ei 20 minutts rute frå Strømsø torg til Merket (om lag 3,5 km). Billettprisen var 10 øre.

Tilhøva under fyrste verdskrigen førte til at A/S Drammens Elektriske Bane gjekk konkurs 15. februar 1916, men vart overteke av A/S Trikken, som vart skipa i mai dette året av Thormod Øverby og Fritz Larsen.

I 1960 blei trolleybussnettet lengd frå Landfalløya til Vårveien (1,5 km). Etter kvart erstatta dieselbussar trolley-bussane, og trolley-bussdrifta opphøyrde heilt 10. juni 1967.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Aspenberg, Nils Carl (1996). Trolleybussene i Norge. Oslo: Baneforlaget. s. 41.