Strømsø torg

torg i Drammen

Strømsø torg er eit torg på Strømsø i Drammen, rett attmed jarnbanestasjonen og bybrua over Drammenselva til Bragernes. På torget ligg Drammen busstasjon, som vart bygd i 2004 til erstatning for Drammen rutebilstasjon frå 1969, og som er hovudstasjonen for busslinene i byen og mot Vestfold.

Strømsø torg med skulpturen «De tre bydeler» av Per Hurum, oppført på torget i 1952. I bakgrunnen Bybrua (til venstre) og stasjonsbygningen frå 1863 på Drammen stasjon. Fotografi frå 1952-1953.

Strømsø torg fekk namnet i 1947, tidlegare var namnet Jernbanetorget. I gamal tid låg brua Flisebroen her på vegsambandet til Konnerud og til Eiker over Grønland lenger opp langsetter Drammenselva. Jarnbanetorget fekk med tida ny utforming etter kvart som sentrum på Strømsø flytta seg hit frå området ikring Strømsø kyrkje og Gyldenløves Plass. Drammensavdelinga av Noregs Bank, stasjonsbygningen frå 1863, Latinskolen, Central Hotel, og Skoger Sparebanks bygning frå 1898 fekk plass attmed torget. Bygningen til sparebanken vart rive seinare og erstatta av Globusgården, medan banken bygde eit høghus for seg attmed bakken opp mot bybrua.

På areala ned mot Drammenselva, der jarnbanestasjonen og jarnbanespora ligg no, låg det i si tid store kjøpmannshus og bordtomter (lagerplassar for skurlast). Attmed brubakken låg Hans Mallings store bygard og trelastlager, der skipsreiar og trelasthandlar Chr. Collett seinare bygde sitt store herskapshus. Dette huset vart flytt og oppsett i Kirkegata på Bragernes då jarnbanestasjonen vart bygd.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Strømsø torg