Dreamy Lady
Dreamy Lady Singel av T. Rex frå albumet Futuristic Dragon | ||
B-side | ||
---|---|---|
Utgjeve | 26. september 1975 | |
Sjanger | Glamrock, disco | |
Lengd | 2:55 | |
Selskap | EMI (Storbritannia) | |
Låtskrivar(ar) | Marc Bolan | |
Produsent | Marc Bolan | |
T. Rex-kronologi | ||
«New York City» (1975) |
Dreamy Lady | «London Boys» (1976)
|
«Dreamy Lady» er ein song frå 1975 av det britiske glamrockbandet T. Rex, men gjeven ut på singel under namnet «T. Rex Disco Party». Songen kom ut i 1976 på albumet Futuristic Dragon. B-sida består av coverversjonar av songane «Do You Wanna Dance?», opphavleg av Bobby Freeman, og «(Sittin' On) The Dock of the Bay», opphavleg av Otis Redding. Den sistnemnde av desse vert sungen av Gloria Jones, produsert av Bolan. Singelen er eit kraftig steg til sides for «T. Rex-stilen» og påverka av disco. Demoversjonar av songen vart framført i reggaestil.
Singelen låg fem veker inne på UK Singles Chart og nådde 30. plassen.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dreamy Lady» frå Wikipedia på engelsk, den 16. juli 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «T REX | full Official Chart History | Official Charts Company». Officialcharts.com. Henta 10. oktober 2016.