Drivstoffet knott

Knott er trevirke frå lauvtre som er kutta opp i småbitar og nytta for å produsera vedgass. Under andre verdskrigen var det svært dårleg tilgang på flytande fossilt drivstoff, og knott vart ei viktig, men langt frå fullgod erstatning for bensin og diesel til drift av bilar og bussar. For å kunne køyre på knott, måtte køyretøyet utstyrast med ein vedgassgenerator (knottgenerator).

Ein dunge med knott ved eit moderne vedgassanlegg i Güssing i Austerrike.

Å framstilla knott var arbeidskrevande. Fyrst måtte ein hogga lauvskog, køyra han heim og deretter hogga han opp i høvelege småbitar. Så måtte knotten tørka sers godt før han kunne nyttast til å produsera vedgass. Det vart gjerne nytta kunstig tørking av knotten.

Etter som bioenergi i prinsippet er CO2-nøytral, er det aukande interesse for å nytta avfall frå trevirke til å produsera vedgass.

Sjå òg endre