Drivved
Drivved eller rekved er trevirke som er skylt opp på stranda etter å ha drive rundt på havet.
I mindre velståande tider var slik ved ein verdifull ressurs for kystbuarar, både som fyringsved og byggemateriale. Trevirke som hadde lege ei stund i saltvatn, var gjerne meir motstandsdyktig mot råte på grunn av saltinnhaldet.
Rekved var i lange tider det einaste brukbar trevirket som fanst på Grønland, der det blei nytta til gjenstandar som elles ville vore vanskelege å laga, som årar og spantar til båtar. Også på Færøyane var rekved svært viktig, og blei hovudsakleg brukt som byggemateriale for bustadhus saman med stein og torv.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Rekved» frå Wikipedia på bokmål, den 14. juni 2023.