Duarte Lobo

portugisisk komponist

Duarte Lobo (kring 156524. september 1646) var ein portugisisk komponist i seinrenessansen og den tidlege barokken. Han var den mest vidkjende portugisiske komponisten i si tid. Saman med Felipe de Megalhães, Manuel Cardoso og kong João IV av Portugal er han rekna som ein representant for «gullalderen» i portugisisk polyfoni.

Duarte Lobo

Fødd1565
FødestadKongedømet Portugal
Død24. september 1646 (81 år)
DødsstadKongedømet Portugal
OpphavKongedømet Portugal
Verka somkomponist

Liv endre

Lite er kjent om livet åt Duarte Lobo. Han vart fødd i Alcáçovas kring 1565 og det er kjent at han studerte med Manuel Mendes i Évora. Den første stillinga hans var som maestro de capilla i domkyrkja i Évora. I 1594 var han maestro de capilla i domkyrkja i Lisboa. Han underviste òg i musikk ved Colégio da Claustra da Sé i Lisboa, og i eldre år var var han rektor for eit seminarium i same byen.

Verk endre

Sjølv om Lobo kronologisk sett levde langt inn i barokken, var han som komponist tydeleg forankra i seinrenessansens palestrinastil gjennom heile livet sitt — som ventande i eit musikalsk konservativt område som var isolert frå dei progressive musikkrørslene i land som Italia og Tyskland. Han gav ut seks bøker med katolsk kyrkjemusikk, inkludert messer, responsorium, antifonar, magnificatar og motettar.

Kjelder endre