Klassisk musikk
Mellomaldermusikk (476 – 1400)
Renessansen (1400 – 1600)
Barokken (1600 – 1760)
Rokokko (1720 – 1770)
Wienerklassisismen (1730 – 1820)
Romantikken (1815 – 1910)

Renessansemusikk er europeisk musikk skriven under renessansen. Å definere starten på den musikalske perioden er vanskeleg, sidan renessansestilen gradvis utvikla seg. Forskjellige musikkforskarar har plassert byrjinga frå så tidleg som år 1300 til så seint som 1470-åra.

Oversyn endre

Stilar og trendar endre

Den auka bruken av ters som ein samklang er eit av dei mest tydelege trekka ved tidleg renessansemusikk. Tersar hadde tidlegare vorte rekna som dissonans. Polyfoni, som hadde vore i bruk sidan 1100-talet, vart stadig meir gjennomført med heilt sjølvstendige stemmer gjennom 1300-talet. På byrjinga av 1400-talet vart musikken enklare igjen og stemmene strevde ofte etter glattheit. Dette kom kanskje av at stemmeregisteret vart større. I mellomalderen gjorde det vesle registeret til at stemmene ofte kryssa kvarandre og ein trong derfor større kontrast mellom dei.

Dei modale (i motsetnad til tonale) eigenskapar ved renessansemusikken starta å bryte saman mot slutten av perioden då ein starta å nytte meir kvintar som grunnleggande rørsle. Dette utvikla seg seinare til ein av dei grunnleggande eigenskapane til tonalitet.

Sjangrar endre

Dei viktigaste liturgiske formene som varte gjennom heile renessansen var messer og motettar, samt nokre nye typar mot slutten av perioden, særleg då komponistane av kyrkjemusikk starta å ta til seg verdslege former (som madrigalar).

Vanleg former innan kyrkjemusikk var messer, motettar, madrigale spirituale og lauda.

I perioden fekk verdsleg musikk større utbreiing og det oppstod mange variantar. Det er ikkje sikkert at det i røynda oppstod mange nye variantar, sidan trykking gjorde at mykje meir musikk frå denne tida er bevart for ettertida enn tidlegare musikk i mellomalderen. Verdsleg musikk omfatta songar for ei eller fleire stemmer, former som frottola, chanson og madrigal.

Verdsleg vokale sjangrar var mellom anna madrigal, frottola, caccia, chanson i fleire former (rondeau, virelai, bergerette, ballade, musique mesurée), canzonetta, villancico, villanella, villotta og luttsong. Blandingsformer som motet-chanson og verdsleg motettar dukka òg opp.

Rein instrumentalmusikk omfatta consortmusikk for blokkfløyte eller gambe og andre instrument og dansar for forskjellige ensemble. Vanleg sjangrar var toccata, preludium, ricercar, canzona og intabuliering. Instrumentalensemble for dansar for kunne spele basse danse (eller bassedanza), ein pavane, ein galliard, ein allemande eller ein courante.

Mot slutten av perioden dukka ei tidleg form for dramatisk musikk opp, som madrigalkomedie og intermedio.

Teori og notasjon endre

 
Ockeghem, Kyrie "Au travail suis," excerpt

Renessansekomposisjonar var berre noterte i individuelle delar. Partitur var særs sjeldne og taktstrekar vart ikkje nytta. Noteverdiane var generelt større enn dei ein nyttar i dag. Hovudeininga til eit taktslag var heilnoten. Som i Ars Nova (sjå mellomaldermusikk) kunne det vere anten to eller tre av desse for kvar brevisnote (dobbel heilnote), på same som ein fjerdedelsnote i moderne musikk kan bestå av to eller tre (triolar) åttandedelsnotar. I renessansen kunne det vere to eller tre av den nest minste noten, «minim», (tilsvarande den moderne halvnoten) til kvar heilnote.

Overgang til barokken endre

Det er vanleg å rekne åra kring 1600 som ein logisk overgang frå sein renessanse til barokk. Dette heng saman med framvoksteren av operaen i Venezia, ein sjanger som vart utvikla på grunnlag av samanfall mellom madrigal og monodi. Det er likevel ikkje noko tydeleg skilje, sidan former og tonale drag frå 1500-talet kom til å prege kyrkjemusikken og til ei viss mon verdsleg musikk i mykje av hundreåret etter. Den tidlege fasen av barokken slepper ikkje renessansemusikken heilt før om lag 1660. Difor lyt ein rekne Heinrich Schütz som ein arvtakar av stildraga, som elev av Giovanni Gabrieli, og som far til den tyske kyrkjemusikken. Dansetypane frå renessansen, og madrigalen, var og i bruk til vel 1680.

Viktige komponistar endre

Den flamske skolen endre

Den romerske skulen endre

På 1500-talet vart Trientkonsilet oppretta for å legge ein kyrkjepolitisk strategi for den katolske motreformasjonen. Mellom anna skulle kyrkjemusikken reinsast for alle verdslege element. Musikkinstrument vart forbode, og bruken av polyfoni skulle minskast kraftig. Føremålet var å få tekstane i fokus.

Venezia-skolen endre

Verdsleg musikk endre

Renessansen såg eit sterkt oppsving i verdslege sjangrar, både vokale og instrumentale. Mykje av dette skuldast prentekunsta, som gav folk høve til å skaffe til vegar musikk i eit omfang som hadde vore ukjend til då. Mykje musikk vart soleis og teke vare på og spreidd. Den mest kjende sjangeren i samtida er madrigalen, som voks fram frå folkelege italienske songuttrykk.

Frottolaen er forgjengaren til madrigalen. Av kjende komponistar her har vi to:

kjende komponistar:

Madrigalen vart kjend som Chanson i Frankrike, Lied i Tyskland og Ayre i England. Den spanske forma kallast villancico eller ensalada. Fleire av desse sjangrane utvikla seg frå frottolaen.

Instrumentalmusikk endre

Mykje av den instrumentale musikken var dansar, som og utvikla seg i Italia og vart spreidde derifrå. Av typiske renessansedansar kan ein nemne pazzamezzo, pavane, galliard, volta, saltarello. I tillegg var det vanleg med instrumentale satsar, basert på vokale førelegg. Desse vart gjerne kalla sonata eller sinfonia. Dette var særleg vanleg i Venezia, og fleire av dei er skrivne av Gabrieliane.

England på 1500-talet endre

Den venetianske skulen endre

Komponistane Andrea og Giovanni Gabrieli som virka i Markuskyrkja i Venezia utvikla på slutten av 1500-talet ein ny stil. Særleg karakteristisk var fleirkor-teknikken.

Orlando GibbonsMichael PraetoriusJohn CooperTobias HumeThomas CampionJohn DowlandCarlo GesualdoPhilippe RogierGiovanni GabrieliGiovanni de MacqueTomás Luis de VictoriaLuzzasco LuzzaschiBalduin HoyoulWilliam ByrdIvo de VentoJohannes de FossaGiaches de WertOrlande de LassusClaude Le JeuneGiovanni Pierluigi da PalestrinaGerard van TurnhoutCipriano de RoreJacob Clemens non PapaAndrea GabrieliClaude GoudimelPierre de ManchicourtHans NewsidlerThomas TallisChristopher TyeCristóbal de MoralesConstanzo FestaJohn TavernerAdrian WillaertThomas CrecquillonNicolas GombertClément JanequinPhilippe VerdelotAntoine BrumelAntonius DivitisAntoine de FévinMartin AgricolaPierre de La RueJean MoutonHeinrich IsaacJosquin des PrezJacob ObrechtAlexander AgricolaLoyset CompèreJohannes OckeghemAntoine BusnoisGuillaume DufayGilles BinchoisJohn DunstableLeonel Power

Kjelder endre