Dudley er ein by i West Midlands i England med omkring 200 000 innbyggjarar og den 24. største byen i Storbritannia. Han er den største byen i Storbritannia utan eit eige universitet. Sidan 1974 har Dudley Town vore det administrative senteret i det større distriktet Dudley.

Dudley

Plassering
Dudley is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap West Midlands
Distrikt Dudley
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

200 668
Koordinatar 52°31′N 2°6′W / 52.517°N 2.100°W / 52.517; -2.100
Diverse annan informasjon
Postnummer DY1, DY2
Telefon-retningsnummer 01384
Nettstad: www.dudley.gov.uk
Commons har multimedium som gjeld: Dudley

Dudley er ein del av West Midlands storbyområde og ligg sør for Wolverhampton. Han er den største byen i Black Country. I mange år danna byen (men ikkje slottet) ein del av ein eksklave i Worcestershire og var totalt omringa av Staffordshire.[1]

Byen er ein industriby med stor metall- og maskinindustri. Dudley Castle vart bygd her på 1500-talet, men i dag står berre ruinane att. Byen har òg ein zoologisk hage.

Kjelder

endre
  1. Richardson, Eric, The Black Country as Seen through Antique Maps, The Black Country Society, 2000. ISBN 0-904015-60-2

Bakgrunnsstoff

endre