Opna hovudmenyen
Duke
Studioalbum av Genesis
Utgjeve 28. mars 1980
Innspelt Oktober–desember 1979 i Polar Studios i Stockholm i Sverige
Sjanger Progressiv rock, kunstrock, poprock
Lengd 55:06
Selskap Charisma
Produsent David Hentschel and Genesis
Kritikk
Genesis-kronologi
...And Then There Were Three...
(1978)
Duke Abacab
(1981)


Duke er det tiande studioalbumet til det britiske bandet Genesis. Det kom ut i mars 1980.

Det vart det første albumet deira som nådde førsteplassen i Storbritannia, noko dei neste fire studioalbuma deira òg kom til å gjere.[5] I USA nådde albumet 11. plass på Billboard-lsita[6] og fekk RIAA-sertifisering for platina. I Noreg nådde albumet fjerdeplassen. Som med det føregåande albumet ...And Then There Were Three..., er Duke eit meir popvennleg album, medan dei framleis hadde ein fot godt inn i progressiv rock.

Innhaldsliste

OversynEndra

Utgjevinga av Duke kom etter at Genesis-medlemmane Tony Banks (A Curious Feeling) og Mike Rutherford (Smallcreep's Day) hadde gjeve ut soloalbum.

Phil Collins hadde samstundes ein lengre pause frå bandet for å prøve å redde ekteskapet sitt.[7] I denne perioden skreiv han fleire songar for seg sjølv. Desse songane kom til å utgjere størstedelen av det første soloalbumet hans, Face Value, som kom ut i 1981, etter at Duke kom ut. Banks og Rutherford plukka ut to Collins-songar, «Please Don't Ask» og «Misunderstanding», for dette albumet.

Etter at Duke var ute, vart songen «Turn It On Again» den andre hitten til bandet som nådde Topp 10 i Storbritannia, medan «Misunderstanding» nådde Topp 20 i USA.

Duke var opphavleg meint å inneheld ein om lag 30 minuttar lang suite av songar i rekkefølgja «Behind The Lines/Duchess/Guide Vocal/Turn It On Again/Duke's Travels/Duke's End», som fortalte soga om den fiktive personen «Albert.» Bandet valte å dele opp songane for å hindre at stykket vart samanlikna med ein av dei mest kjende songane til bandet, den episke «Supper's Ready». Genesis spelte likevel suiten på konsertane under «Duke Tour» i 1980, og Collins introduserte det som «The Story of Albert».

Ein SACD / dobbel DVD (inkludert nye 5.1- og stereomiksar) kom ut i 2007.

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Tony Banks, Phil Collins og Mike Rutherford, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Behind the Lines»    5:31
2. «Duchess»    6:26
3. «Guide Vocal»  Banks 1:35
4. «Man of Our Times»  Rutherford 5:34
5. «Misunderstanding»  Collins 3:13
6. «Heathaze»  Banks 5:00
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
7. «Turn It On Again»    3:50
8. «Alone Tonight»  Rutherford 3:56
9. «Cul-de-sac»  Banks 5:05
10. «Please Don't Ask»  Collins 4:01
11. «Duke's Travels»    8:40
12. «Duke's End»    2:08

MedverkandeEndra

  • Tony Banks – klaverinstrument, korvokal, 12-strengsgitar
  • Phil Collins – perkusjon, trommer, solovokal, trommemaskin
  • Mike Rutherford – basses, gitar, korvokal
Andre medverkande
  • David Hentschel – korvokal
Produksjon

ListerEndra

Album

År Liste Plassering
1980 UK album charts 1[8]
Billboard Pop Albums 11[6]
VG-lista 4[9]

Singlar

År Single Liste Plassering
1980 "Misunderstanding" Billboard Pop Singles 14
"Turn It On Again" Billboard Pop Singles 58

SalstroféEndra

Organization Nivå Dato
BPI – UK Gull 28. mars 1980
Platina 3. juli 1980
RIAA – USA Gull 21. juli 1980
Platina 11. mars 1988

KjelderEndra

  1. Erlewine, Stephen Thomas (2011 [last update]). «Duke – Genesis | AllMusic». allmusic.com. Henta 24. september 2012. 
  2. Fricke, David (4 September 1980). «Genesis: Duke : Music Reviews». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 18 June 2008. Henta 17. oktober 2012. 
  3. Andy Fyfe Q,. mai 2007, Issue 250.
  4. Nathan Brackett; Christian David Hoard (2004). The new Rolling Stone album guide. New York: Simon & Schuster. s. 327–328. ISBN 978-0-7432-0169-8. 
  5. Genesis UK chart history, The Official Charts Company. Henta 17. oktober 2012.
  6. 6,0 6,1 Genesis USA chart history, Allmusic. Henta. 17. oktober 2012.
  7. Intervju for 2007-utgåva av Duke
  8. «Number 1 Albums – 1980s». The Official Charts Company. Arkivert frå originalen 9. februar 2008. Henta 17. oktober 2012. 
  9. http://norwegiancharts.com/showitem.asp?interpret=Genesis&titel=Duke&cat=a