Brand X var eit jazzfusionband som var aktivt i periodane 1975–1980 og 1992–1999. Kjende medlemmar var mellom andre Phil Collins (trommer), Percy Jones (bass), John Goodsall (gitar)[1] og Robin Lumley (klaverinstrument). I 1992 danna dei originale medlemmane Goodsall og Jones ein ny trioversjon av Brand X med trommeslagaren Frank Katz.

Brand X
OpphavLondon
Aktiv1975–1980, 1992–1999.
SjangerJazzfusion
Tilknytte artistarPeter Gabriel, Genesis, Atomic Rooster, Soft Machine, Fire Merchants, Mahavishnu Orchestra, The Liverpool Scene, Weather Report, Rod Argent.
PlateselskapBuckyball Records, Charisma, Passport Records.
Tidlegare medlemmerPhil Collins, John Goodsall, Percy Jones, Robin Lumley, Frank Katz, John Giblin, Morris Pert, Mike Clark, Kenwood Dennard, Marc Wagnon, Kris Sjobring, Pierre Moerlen, Chuck Burgi.

Brand X starta i 1975 som eit band finansiert av Island Records. Phil Collins tok over på trommer, og tidleg i 1976 gjennomførte dei ein omfattande turné i Storbritannia. Collins vart bytta ut året etter med ei lang rekkje trommeslagarar, mellom desse Kenwood Dennard, Chester Thompson og Mike Clark. Tidleg i 1977 avgjorde Brand X å rekruttere ein erstatter for Collins på grunn av motstridande planer med resten av bandet. Kenwood Dennard frå gruppa til Pat Martino vart rekruttert frå New York. Han gjorde debuten sin på USA-turneen deira i mai og juni 1977 og han var med på livekonsertalbumetalbumet Livestock.

Diskografi

endre

Studioalbum

endre

Konsertalbum

endre
  • Livestock (1977) US #204
  • Live at the Roxy L.A. (1996)
  • Timeline (2000)

Kjelder

endre
  1. «Band Approved Videos». youtube.com. Henta 10. oktober 2011. 
  2. 2,0 2,1 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 76. ISBN 1-904994-10-5. 

Bakgrunnsstoff

endre