Opna hovudmenyen

Dunderlandsbanen vart bygd i 1904 frå Storforshei i Dunderlandsdalen til Tverrånes ved Mo i Rana.[1] Den 23,7 km lange private industribanen var konstruert for malmtransport og vart bygd av selskapet Dunderland Iron Ore Company Ltd (DIOC).

Dunderlandsbanen
Info
Type Industribane
Status Del av Nordlandsbanen
Drift
Opna 1. november 1904
Eigar Dunderland Iron Ore Company Ltd (DIOC)
Teknisk
Lengde 23,7 km

I 1942 vart banen beslaglagd av dei tyske okkupasjonsmaktene for innlemming i Nordlandsbanen.[1] Etter krigen vart det i 1947 løyva pengar til ombygging av Dunderlandsbanen og til å kjøpe anlegget frå DIOC. Banen vart offisielt overtatt av NSB frå 1. juli 1947, seinare same år vart Nordlandsbanen opna heilt fram til Lønsdal.[1]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 «Dunderlandsbanen 100 år 1.november 2004». Bane NOR. Henta 23. september 2017.