Dunderlandsdal-ulukka

(Omdirigert frå Dunderlandsdalen-ulukka)

Koordinatar: 66°26′8″N 14°48′39″E Dunderlandsdal-ulukka var ei bussulukke som fann stad den 5. juli 1948 då ein buss køyrde av vegen og enda opp i Ranelva i Dunderlandsdalen nord for Mo i Rana. Med 16 omkomne er Dunderlandsdal-ulukka den norske bilulukka etter krigen som har hatt høgast tap av menneskeliv.[1][2]

Av dei 21 som var ombord, mista 16 personar livet. Dei døde var alle sørsamar på veg heim til Helgeland og Nord-Trøndelag etter stiftingsmøtet til Norske Reindriftsamers Landsforbund i Tromsø.[3][4][5] Fire av dei blei aldri funne. Ulukka fann stad etter at det venstre framhjulet til bussen eksploderte, og køyretøyet hamna i den flomstore elva.[4]

Det blei sett opp ein minnestein ved ulykkesstaden i 1950.[6][4]

KjelderEndra

  1. Astri Husø og Grete Ingebjørg Berge (7. januar 2011). «Av de verste ulykkene etter krigen». NRK. Henta 8. januar 2011. 
  2. Alvorlige bussulykker i Norge; Dagbladet; 31.10.1997
  3. Ørnulv Vorren. «Den tragiske bussulykken i Dunderlandsdalen» I: Ottar nr 105 (1978).
  4. 4,0 4,1 4,2 «De falt på sin post...» : Dunderlandstragedien 5. juli 1948 : en utstilling fra Rana museum, Kulturhistorisk avdeling, 1998. Mo i Rana: Museet. 1998. 
  5. Portrettbilder av dem som omkom; Digitaltmuseum.no
  6. Mistet faren som 10-åring; NRK, 5.7.2008

BakgrunnsstoffEndra