Durrës er ein by og ein kommune i regionen med same namn i Albania. Durrës er hovudstad i regionen. Kommunen ligg ved kysten i den nordlege delen av landet og grensar i sør til regionen Tirana, i nord til regionen Lezhë. I vest ligg Adriahavet.

Durrës
Frå sentrum av Durrës
Frå sentrum av Durrës
Frå sentrum av Durrës
Kommunevåpenet til Durrës
Kommunevåpenet til Durrës
Styresmakter
Land
Region
Albania
Durrës
Geografi
Flatevidd 46,3 km²
Innbyggjarar[1]
 - Kommune (2023)
 - Byområde

153 614
101 728
Koordinatar 41°19′1″N 19°28′13″E / 41.31694°N 19.47028°E / 41.31694; 19.47028
Høgd over havet 0 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: https://durres.gov.al/
Plassering
Durrës kommune innafor regionen Durrës
Durrës kommune innafor regionen Durrës
Durrës kommune innafor regionen Durrës

Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Durrës vart slått saman med bykommunane Sukth og Manëz og landkommunane Ishëm, Katund i Ri og Rrashbull.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Durrës.

Tidlegare administrativ inndeling

endre

Fram til år 2000 var den dåverande bykommunen Durrës hovudstad i distriktet Durrës.[3] Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Durrës.[2]

Folketal

endre
Kommunaleining Folketal 2011[4] Folketal 2023[1]
Durrës 113 249 101 728
Ishëm 5 001 3 683
Katund i Ri 10 161 7 524
Manëz 6 652 7 185
Rrashbull 24 081 20 099
Sukth 15 966 13 395
Kommunen Durrës 175 110 153 614

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 «Censusi i popullisë dhe baneshave në Shqipëri 2023: Durrësi» (PDF) (på albansk og engelsk). Instat: Instituti i statistikes. 2024. Henta 15. mars 2025. 
  2. 2,0 2,1 «Ligj nr. 115/2014: Për ndarjen administrativo-territoriale të njësive të qeverisjes vendore në Republikën e Shqipërisë». Fletorja Zyrtare: Viti 2014 – Numri 137 (på albansk og engelsk). qbz.gov.al. 2013. Henta 12. mars 2025. 
  3. «Ndarja administrative-territoriale e vitit 2000» (på albansk). ShtetiWeb. Henta 12. mars 2025. 
  4. «Censusi i popullisë dhe baneshave: Durrës 2011» (PDF) (på albansk og engelsk). Instat: Instituti i statistikes. 2013. Henta 15. mars 2025.