Dvergskog,[1] omsett frå engelsk dwarf forest, òg kalla elfin forest, er eit uvanleg økosystem med veksthemma, forkrøpla miniatyrtre. Dvergskog er vanlegvis lokaliserte på høge høgder, under forhold med tilstrekkeleg luftfukt, men med næringsfattig jord. Det finst to hovudtypar av dvergskog-økosystem, som involverer ulike artar og miljøkarakteristikkar: kystnære tempererte og fjellrike tropiske område. Temperert kystnær dvergskog er vanleg i delar av Sør-California. Fjellrike tropiske skogar finst på høglandet i Sentral-Amerika, det nordlege Sør-Amerika og Søraust-Asia. Det finst også andre isolerte døme på dvergskog spreidd over heile verda, medan den største dvergskogen finst på Filippinane.

Ein naturleg bonsai i nasjonalparken Mount Hamiguitan i Filippinane, ein UNESCO verdsarvstad

Kjelder

endre
  1. Bakke, Tor A. (2020). «Engelsk-norsk naturvitenskapelig leksikon. DEL I» (PDF). Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo. s. 503. Arkivert frå originalen (pdf) 28. september 2024. Henta 28. september 2024. «i varme fuktige områder som ligger høyt over havet og som er karakteristisk ved sine små, veksthemmede eller forkrøplete trær med stor påvekst av epifytter» 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Dvergskog