Dvergsoleie
Dvergsoleie (Ranunculus pygmaeus) er ei plante i soleiefamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing. Planta vert kring 5 cm høg og og har langskafta lysgrøne blad og grann stengel med brune hår. Blomsteren er 6-7 mm brei. Begerblada er lodne og kronblada korte og lysgule. Nøtta har kort kroknebb. Dvergsoleie blømer kring juli månad på fuktige stader og snøleger til fjells.
Dvergsoleie | |
Dvergsoleie | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Ranunculales |
Familie: | Soleiefamilien Ranunculaceae |
Underfamilie: | Ranunculoideae |
Stamme: | Ranunculeae |
Slekt: | Soleieslekta Ranunculus |
Art: | Dvergsoleie R. pygmaeus |
Vitskapleg namn | |
Ranunculus pygmaeus |
Planta veks i alle fjelltrakter i Noreg. Ho er funnen opp til 2230 m i Jotunheimen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dvergsóley» frå Wikipedia på islandsk, den 7. januar 2011.
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.