Dyan Birch
britisk songar
Dyan Joan Birch (25. januar 1949–10. oktober 2020) var ein engelsk songar.
Dyan Birch | |||
Fødd | 25. januar 1949 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Liverpool | ||
Død | 10. oktober 2020 (71 år) | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | songar |
Birch arbeidde som tenåring i platebutikken til Brian Epstein i Liverpool. I 1969 skipa ho og venene hennar bandet Arrival og flytta til London.[1] Gruppa hadde to britiske hittar i 1970, «Friends» og «I Will Survive», begge med Birch, og spelte på Isle of Wight Festival det året.[2] Gruppa vart seinare utvida og endra stil, og vart til Kokomo, som fekk suksess i London midt på 1970-talet. FLeire medlemmar av bandet vart respeterte studiomusikarar,[2] og Birch vart korsongar på fleire plater av Bryan Ferry, Gloria Gaynor, Frankie Miller, Marianne Faithfull, Manfred Mann's Earth Band og Alvin Lee.[3]
Ho var yngre syster av Pamela Birch frå The Liverbirds.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dyan Birch» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juli 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Hardy, Phil; Laing Dave, The Encyclopedia of Rock, Volume 3, p. 26. Panther 1976. Henta 19. juli 2021
- ↑ 2,0 2,1 Richard Williams, «Dyan Birch 1949-2020», The Blue Moment, 19. juli 2021. Henta 19. juli 2021
- ↑ Dyan Birch Discography, Yahoo! GeoCities (extracted from Wayback Machine). Henta 20. oktober 2020