Marianne Faithfull

britisk songar og skodespelar (1946–2025)

Marianne Evelyn Gabriel Faithfull (29. desember 194630. januar 2025) var ein britisk songar, låtskrivar og skodespelar fødd i London.

Marianne Faithfull

Fødd29. desember 1946
FødestadHampstead
Død30. januar 2025 (78 år)
DødsstadLondon
OpphavStorbritannia
Aktiv1964–2023
Sjangerrock, vokaljazz, pop, alternativ rock, folkemusikk, blues
Instrumentvokal
Stemmetypealt
PlateselskapDecca Records, Deram Records, Island Records
Verka somsongar, filmskodespelar, plateartist, skodespelar
MorEva von Sacher-Masoch
FarRobert Glynn Faithfull
Gift medJohn Dunbar, Ben Brierley, Giorgio Della Terza
Sambuar medMick Jagger, François Ravard
BornNicholas Dunbar, Corrina Jagger
Prisarkommandør av Ordre des Arts et des Lettres

Faithfull slo gjennom i 1964 med låten «As Tears Go By», skriven av Mick Jagger, Keith Richards og Andrew Loog Oldham. Ho fylgde opp med tre hittar i 1965; «Summer Nights», «Come and stay with me» og «This Little Bird».

Dei neste åra var ho mykje i rampelyset som kjærast til Mick Jagger. I fleire år nytta ho store dosar av narkotiske stoff, og var tilmed heimlaus ei tid.

Faithfull kom tilbake på musikkscena i 1979 med albumet Broken English, hennar musikalske høgdepunkt. I det kritikarroste albumet syng ho om kvinner som trassar tunge lagnader, men opprettheld sjølvrespekten. Musikkstilen i albumet er i slekt med tidleg synthpop, av musikkgrupper som Ultravox og Visage.

Broken English etablerte henne som musikant med ein heilt ny eigenart. Ho spelte sidan inn fleire musikkalbum og turnerte jamt og samt.

Som skodespelar var Faithfull med i fleire filmar, mellom anna i filmen Marie Antoinette frå 2006, der ho spela Maria Teresia.

Diskografi

endre

Album

endre
  • Broken English (1979)
  • Dangerous Acquaintances (1981)
  • A Child's Adventure (1983)
  • Rich Kids Blues (1985, innspela 1971)
  • Strange Weather (1987)
  • Blazing Away (1990), Live!
  • A Secret Life (1995)
  • Kissin' Time (2002)
  • Before the Poison (2005)
  • Easy Come Easy Go (2009)
  • Horses and High Heels (2011)

Kjelder

endre