Dymphna Cusack
Ellen Dymphna Cusack (21. september 1902–19. oktober 1981) var ein australsk forfattar.[1]
Dymphna Cusack | |
Statsborgarskap | Australia |
Fødd | 22. september 1902 West Wyalong |
Død |
19. oktober 1981 (79 år) |
Yrke | skribent, romanforfattar, skodespelforfattar, biograf |
Dymphna Cusack på Commons |
Bakgrunn
endreDymphna Cusack var fødd i Wyalong i New South Wales. Ho var elev ved Saint Ursula's College, Kingsgrove,[2] og gjekk ut frå Sydney University med ein honours degree i humanioar og eit diploma i utdanning. Ho verka som lærar fram til 1944, då ho pensjonerte seg grunna dårleg helse. I 1978 fekk ho diagnose på lidinga si, multippel sklerose.[1]
Karriere
endreCusack skreiv tolv romanar (to av dei saman med andre), sju skodespel,[3] tre reisebøker, to barnebøker og ei sakprosabok. Ho skreiv Pioneers on Parade (1939) saman med Miles Franklin og Come in Spinner (1951) med Florence James.[4]
Skodespelet hennar Red Sky at Morning blei filmatisert i 1944 med Peter Finch i hovudrolla.[5] Biografien Caddie, the Story of a Barmaid, som Cusack skreiv introduksjon til og hjelpte forfattaren med å skriva, blei filmatisert som Caddie i 1976. Romanen Come in Spinner blei filmatisert som TV-serie av Australian Broadcasting Corporation (ABC) i 1989, og send i mars 1990.[6]
Aktivisme og utmerking
endreCusack var ei talskvinne for samfunnsreform og omtalte dette i verka sine. Ho støtta rørsla for verdsfred under Den kalde krigen som aktivist mot atomvåpen.[1]
Forfattaren var ein av grunnleggjarane av Australian Society of Authors i 1963. Ho hadde takka nei til den britiske Order of the British Empire,[1] men blei utnemnd til Member of the Order of Australia i 1981 for sine bidrag til australsk litteratur.[7]
I 2011 blei Cusack og 11 andre forfattarar, som Elizabeth Jolley og Manning Clark, minna gjennom bronseplakettar ved Writers' Walk i Sydney.[8]
Ein yngre bror av Dymphna, John, var også forfattar. Han skreiv krigsromanen They Hosed Them Out under pseudonymet John Beede. Boka kom først ut i 1965 og blei gjenutgjeven i 2012.[9]
Verkliste
endreSkodespel
endre- Safety First, 1927
- Shallow Cups, 1933
- Anniversary, 1935
- Red Sky at Morning, framført 1935; utgjeve 1942
- Morning Sacrifice, 1943
- Comets Soon Pass, 1943
- Call Up Your Ghosts, med Miles Franklin, 1945
- Pacific Paradise, 1955
Romanar
endre- Jungfrau (1936)
- Pioneers on Parade (1939) med Miles Franklin
- Come in Spinner (1951) med Florence James
- Say No to Death (1951)
- Southern Steel (1953)
- Caddie, the Story of a Barmaid (1953) [Introduksjonen]
- The Sun in Exiles (1955)
- Heatwave in Berlin (1961)
- Picnic Races (1962)
- Black Lightning (1964)
- [[The Sun is Not Enough (1967)
- The Half-Burnt Tree (1969)
- A Bough in Hell (1971)
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Marilla North (2007), «Cusack, Ellen Dymphna (Nell) (1902–1981)», Australian Dictionary of Biography, National Centre of Biography, Australian National University, henta 18 May 2015
- ↑ Profile, middlemiss.org; retrieved 22 March 2008.
- ↑ «Plays by Dymphna Cusack». The Playwrights Database. Arkivert frå originalen 7. juni 2011. Henta 9 March 2008.
- ↑ Spender (1988) s. 219
- ↑ «Red Sky at Morning (1944)». ImDb. Henta 9 March 2008.
- ↑ IMDB - Come in Spinner (1990)
- ↑ «It's an Honour – 26 January 1981». Australian Government. Arkivert frå originalen 26. mai 2011. Henta 9 March 2008.
- ↑ "Tribute to Literary Greats on Sydney Writers’ Walk" Arkivert 2017-03-05 ved Wayback Machine., 24 October 2011; retrieved 10 April 2012.
- ↑ Cusack, J.B. (2012), They Hosed Them Out, Wakefield Press, ISBN 9781743051061
- Dymphna Cusack bibliography
- Spender, Dale (1988) Writing a New World: Two Centuries of Australian Women Writers, London: Pandora
- Peitzker, Tania (2000). «Dymphna Cusack (1902–1981): a Feminist Analysis of Gender in her Romantic Realistic Texts». Potsdam: Uni Potsdam. Arkivert frå originalen 22. mai 2011. Henta 27 June 2008.
- Denne artikkelen bygger på «Dymphna Cusack» frå Wikipedia på engelsk, den 16. februar 2017.