Dyrekrinsen

Dyrekrinsen eller zodiaken viser til eit tenkt belte av stjerneteikn som går rundt jorda langs ekliptikken. Dei fleste stjerneteikna har namn etter dyr. Omgrepet blir brukt innan astrologi, der kvart stjerneteikn skal ha særskilde eigenskapar.

Framstilling av Dyrekrinsen som går rundt jorda.
Teikna i Dyrekrinsen i ein illustrasjon frå 1500-talet.

InndelingEndra

Dei tolv stjerneteikna i Dyrekrinsen er:

  • Vêren (Aries) 21. mars - 20. april
  • Tyren (Taurus) 21. april - 20. mai
  • Tvillingane (Gemini) 21. mai - 21. juni
  • Krepsen (Cancer) 22. juni - 23. juli
  • Løva (Leo) 24. juli - 23. august
  • Jomfrua (Virgo) 24. august - 22. september
  • Vekta (Libra) 23. september - 21. oktober
  • Skorpionen (Scorpio) 22. oktober - 21. november
  • Skyttaren (Sagittarius) 22. november - 21. desember
  • Steinbukken (Capricorn) 22. desember - 19. januar
  • Vassmannen (Aquarius) 20. januar - 19. februar
  • Fiskane (Pisces) 20. februar - 20. mars

Stjerneteikna er delte inn i fire grupper som svarer til dei fire elementa frå gresk antikk. Teikna knytte til eld er Vêren, Løva og Skyttaren, dei knytte til jord er Tyren, Jomfrua og Steinbukken, dei til luft er Tvillingane, Vekta og Vassmannen, og dei til vatn er Krepsen, Skorpionen og Fiskane.

Sjå ogsåEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Dyrekrinsen