Dyrsku'n er eit årleg fesjå som vert arrangert i Seljord i Telemark. Det vart arrangert fyrste gong i 1866.

Historikk endre

Fesjået Dyrsku'n har sine røter frå fesjå som vart haldne i Vest-Telemark på 1850-talet for å danna kurasen telemarksfe. Det fyrste fesjået vart arrangert i Kviteseid i 1856 etter initiativ frå statsagronomen Johan Lindequist. Då fesjåa etter kvart vart ei viktigare hending voks det fram trong for ein fast plass med nok areal. Kommunestyret i Seljord søkte i 1865 Indre-Departementet om å få skipa eit årleg fesjå for Statens Regjering. Even Høyesen Nordgarden stilte med eit 100 dekar stort område til disposisjon. Den 17. september 1866 vart dermed Statens fyrste årlege Kvæg-Udstilling i Seljord arrangert.

Dyrsku'n i dag endre

I laupet av åra har Dyrsku'n utvikla seg til ein folkefest med mellom 60 000 og 80 000 besøkjande, 50 utstillarar og mange aktivitetar spreidd på det 120 mål store området. Utstillingane av husdyr står framleis sentralt i arrangementet, men det er òg utstillingar av husflid og handverk, skogsdrift og anna knytt til tradisjonelt og moderne landbruk og bygdeliv. Dessutan er det ei stor salsutstilling med ei mengd varer og tenester, attåt underhalding av ymse slag, derimellom tivoli.

På Dyrskuplassen er det rekonstruert ein husmannsplass kalla «Sterke-Nils tunet» til minne om Sterke-Nils som vart fødd kring 1720. På tunet vert det vist fram dyrehald og gardsdrift frå eldre tider.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre