Dysna
Dysna (russisk Дисна, Disna) er ei elv i Litauen og Belarus og ei av sideelvane til Daugava nær byen Dzisna.
Dysna | |||
elv | |||
Dysna i Belarus, nær byen Dzisna
| |||
Nedslagsfelt | 8 193 km² | ||
---|---|---|---|
Lengd | 176 km | ||
Middelvassføring | 3,59 m³/s | ||
Kjelde | Ignalina kommune | ||
Munning | Daugava | ||
Dysna 55°28′15″N 26°23′32″E / 55.4708°N 26.3922°E | |||
Wikimedia Commons: Dzisna River |
Elva spring ut frå innsjøen Parsvėtas, nær Dūkštas i Ignalina kommune. Ho renn gjennom innsjøane Dysnai og Dysnykštis. Nær Kačergiškės snur ho austover og i 39 km renn ho langs grensa mellom dei to landa. Lengda hennar i Litauen åleine er 17 km. Ein av innsjøane i nedslagsfeltet er Drūkšiai som gjev vatn til Ignalina atomkraftverk.
Dei største sideelvane hennar er Birvėta, Golbitsa, Janka, Berezovka og Mnuta.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dysna» frå Wikipedia på engelsk, den 24. januar 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- «Dauguvos baseinas». Environmental Protection Agency at the Ministry of Environment of the Republic of Lithuania. 7. april 2003.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: