EHF-cupvinnarcupen 1998/Kvinner
EHF-cupvinnarcupen i handball 1998 for kvinner vart vunne av Bækkelagets Sportsklub etter finalesiger 51–40 over kroatiske Lokomotiva Zagreb.
Kvartfinalane
endre- Napredak Kruševac – Lokomotiva Zagreb 46–49
- Brovary – Borussia Dortmund 48–64
- HC Zalău – Luk Moskva 40 – 35
- Kuban Krasnodar – Bækkelaget SK 43–47 (24-19 og 19-28)
Semifinalane
endre- Lokomotiva Zagreb – Borussia Dortmund 53 – 51 (32-24 og 21-27)
- HC Zalău – Bækkelaget SK 39–59 (22-27 og 17-32)
Finalane
endreFinalen vart avvikla i Zagreb laurdag 9. mai framfor 3 500 tilskodarar og i Oslo 16. mai. Oslo Spektrum registrerte 6 661 tilskodar. Kampen i Zagreb enda uavgjort 23–23, ved pause leia heimelaget 11–9. På heimebane tok Bækkelaget føringa og leia 17–10 halvvegs, i andre omgang auka laget til siger 28–17.
Bækkelaget sitt meisterlag bestod av Cecilie Leganger, Monica Kyvåg, Anja Andersen (9+13), Sorina Teodorovic (5+4), Siv Heim Sæbøe (4+4), Sahra Hausmann (1+3), Mette Ruud-Johansen (2+1), Kari Anne Hole (0+2), Eli Fallingen (2+0) og Pia Løkenflaen (0+1).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Coupe d'Europe des vainqueurs de coupe féminine de handball 1997-1998» frå Wikipedia på fransk, den 9. november 2023.