Siv Heim Sæbøe (fødd 25. mars 1973) er ein norsk tidlegare handballspelar som vart europameister i 1998. Linjespelaren vann også Cupvinnarcupen 1998 og 1999 med Bækkelagets Sportsklub i Oslo.

Siv Heim Sæbøe
Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. mars 1973 (51 år)
Noreg
Yrke handballspelar

Klubbspel endre

Sæbøe spelte på Bækkelaget frå 1988 til 2002. Med Oslo-laget vann ho fleire norske titlar, både seriemeisterskap og cupmeisterskap. Høgdepunkta med Bækkelaget kom då laget sigra over Kraš Zagreb i Cupvinnarcupen i 1998, ein meistertittel laget forsvarte i 1999 då spanske Amadeo Tortajada var finalemotstandar. Desse siste sesongane på 1990-talet hadde ho særs dyktige lagvenninner i Susann Goksør, Kjersti Grini og Anja Andersen. Frå sommaren 2002 spelte Sæbøe i tre år på franske Cercle Dijon. Ho deltok i EHF-finale med Cercle Dijon, der det vart tomålstap mot Bayer Leverkusen. 2005/6-sesongen var ho aktiv i Lunner IL og der etter ei tid Stabæk-spelar.

Landslagsspel endre

Innom eit år, 2. juli 1998 og 1. juli 1999, spelte Sæbøe 14 landskampar og skåra 19 mål for Noreg. Ho var med i Handball-EM 1998, men fekk heller lite speletid, etter som Else Marthe Sørlie og Elisabeth Hilmo hadde større tillit på linjespelar-plassen. Finalen såg Sæbøe frå tribunen.

Merittar endre

  • EM 1998: Gullmedalje etter 24–16 mot Danmark
  • Vinnar av EHF-cupvinnarcupen: 1998 og 1999 med Bækkelaget SK
  • Tapande finalist i EHF-cupen: 2005 med Cercle Dijon

Kjelder endre