EHF-meisterligaen i handball 2010/Kvinner

Meisterligaen i handball 2010 for kvinner var ei turnering arrangert av Europas handballforbund (EHF) som tok til med kvalifiseringsspel i september 2010 og avslutta med dobbeltfinale i mai 2010. Viborg HK vann turneringa for tredje gong på fire år.

Gruppespela

endre

Etter to kvalifiseringsrundar vart gruppespelet med fire grupper à fire lag avvikla i tida 24. oktober til 17. januar. Dei to beste laga i kvar av desse gruppene gjekk vidare til hovudrunda. Hovudrunda vart avvikla i to grupper frå 6. februar til 21. mars. Dei flittigaste poengsankarane i gruppespela møttest til doble semifinalar midt i april og dobbelfinale 8. og 15 mai.

Semifinalane

endre
  • Viborg HK – Larvik HK 53 – 48 (27-21 og 26-27)
  • Râmnicu Vâlcea – Győri ETO 49 – 45 (25-25 og 24-20)

Finalane

endre
  • Viborg HK – Râmnicu Vâlcea 60 – 52 (28-21 og 32-31)

Viborg-måla kom frå Grit Jurack (5+11), Bojana Popović (9+5), Cristina Vărzaru (6+6), Anja Althaus (2+4), Rikke Skov (3+2), Kristine Lunde-Borgersen (1+2), Henriette Mikkelsen (2+1) og Gitte Aaen (0+1). Katrine Lunde vakta målet.

Cristina Neagu skår i alt 12 mål for Râmnicu Vâlcea.

Kjelder

endre