EHF-meisterligaen i handball 2012/Kvinner

Meisterligaen i handball 2012 for kvinner var ei turnering arrangert av Europas handballforbund (EHF) som tok til med kvalifiseringsspel 2. september 2011 og avslutta med dobbeltfinale 5. og 13. mai 2012.

GruppespelaEndra

Etter innleiande kvalifiseringsrundar vart gruppespelet med fire grupper à fire lag avvikla i tida 1. oktober til 13. november. Dei to beste laga i kvar av desse gruppene gjekk vidare til hovudrunda. Denne runda vart avvikla i to grupper frå 3. februar til 11. mars 2012. Dei to flittigaste poengsankarane i desse gruppene gjekk vidare til finalerunda, mellom dei Larvik HK. For Byåsen IL enda turneringa i hovudrunda.

SemifinalaneEndra

FinalaneEndra

  • ŽRK Budućnost – Győri ETO 54 – 54 (27-29 og 27-25)

Finalekampane fann stad i Győr 5. mai og i Podgorica 13. mai. Samanlagt enda finalespelet med 54 mål mot 54 mål, sigeren vart avgjort med grunnlag i at Budućnost skåra 2 -to- fleire bortemål enn motstandaren.

Rykkromspelarane Bojana Popović og Katarina Bulatović var dei sentrale spelarane på Budućnost sitt lag.

Norske Katrine Lunde og Heidi Løke spelte på Györ-laget.

KjelderEndra

EHF Champions League der Frauen 2011/12