Heidi Løke (fødd 12. desember 1982) er ein norsk handballspelar frå Tønsberg som frå sommaren 2022 er inne i si tredje periode som Larvik HK-spelar. Ho har vunne fem EM-gull, to VM-gull og eitt OL-gull med Noreg i åra 2008-20, i tillegg til meisterligaen, tre seriegull og tre cupgull med Larvik HK. Løke er strekspelar, og kan skyte med begge hendene. Perioden 2006-20 deltok ho i 226 landskampar og skåra 801 mål.

Heidi Løke


Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. desember 1982 (41 år)
Tønsberg
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2012

Utmerkingar

Årets handballspelar frå IHF

Handballspelaren Frank Løke er bror hennar.

Karriere endre

Klubbspel endre

Løke melde overgang frå handballklubben Runar til Larvik HK i 2000. Då ho fekk lite speletid for Larvik, valde ho i 2002 å gå over til Gjerpen, ein annan toppserieklubb. Ho spela for Gjerpen i fem sesongar, deretter var ho ein sesong i danske Aalborg HK. Frå sommaren 2008 spela ho på nytt i Larvik HK, og opplevde stor suksess. Alle dei tre neste åra vart ho serie- og cupmeister med klubben, som i 2011 også vann den europeiske meisterligaen, kort før Løke forlet klubben. Ho vart toppskårar i serien både i 2009 og 2010, og dessutan begge åra kåra til årets spelar i Noreg.

Løke gjorde 2011-17 teneste i det ungarske topplaget Győri ETO. Her var ho med på å vinne IHF-meisterligaen åra 2013, 2014 og 2017. Sidan spelte ho 2017-19 på Storhamar sitt lag i den norske toppserien, deretter var ho knytt til IK Våg fram til 2022. Ho bidrog til at klubben sigra i IHF-meisterligaen 2021, men ikkje då Våg også vann meisterligaen 2022. I sitt førtiande år skreiv ho kontrakt med Larvik HK.

Landslagsspel endre

Løke debuterte på det norske landslaget mot Ungarn den 7. april 2006, men etablerte seg aldri på landslaget før europmeisterskapen i Makedonia i desember 2008. Noreg vann meisterskapen, der Løke viste seg som ein av dei beste angrepsspelarane for Noreg. I 2009 fekk Løke VM-bronse etter norsk siger over Spania. Både i 2010 og 2011 var Løke med på norske meisterskapstriumfar. I 2010 vart Noreg europameistrar etter finalesiger over Sverige, og året etter vann Noreg VM-finalen i Sao Paulo med 32-24 over Frankrike. I begge meisterskapane kom Løke med på «allstar»-laget som beste strekspelar.

Under OL 2012 i London vart ho olympisk meister etter at Noreg vann finalekampen med 26-23 over Montenegro.

 
Heidi Løke i Győr-drakt.

Merittar landslag endre

Bakgrunnsstoff endre