Eadie Island
Eadie Island er ei øy som ligg mellom Aspland Island og O'Brien Island i Sør-Shetlandsøyane. Øya vart kartlagd i februar 1821 av ein russisk ekspedisjon under Fabian Gottlieb von Bellingshausen, som gav dei tre øyane namnet «Ostrova Tri Brata» (Tre brør-øyane). Eadie Island vart så namngjeven etter hamnesjefen i Melbourne Harbour Trust i Williamstown i Australia, av løytnant L. C. Hill frå Royal Naval Reserve, kaptein på RSS «Discovery II», som dreiv med landmålingsarbeid i området i 1936–37.[1]
Eadie Island | |||
øy | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Øygruppe | Sør-Shetlandsøyane | ||
Del av | Sør-Shetlandsøyane | ||
Koordinatar | 61°28′S 55°57′W / 61.467°S 55.950°W | ||
Lengd | 2 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Eadie Island 61°28′00″S 55°57′00″W / 61.4667°S 55.95°W | |||
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ «Eadie Island». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 17. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Eadie Island» (innhald frå Geographic Names Information System).