Earl Eugene Scruggs (6. januar 192428. mars 2012) var ein USA-amerikansk musikar som populariserte tre-fingerstilen på banjo, no kalla «Scruggs-stil». Denne stilen var med å definere bluegrass. Trefingerstilen hans var radikalt forskjellig frå den tradisjonelle måten ein femstrengs banjo var blitt spelt på tidlegare. Den nye stilen vart populær og var med å føre banjoen fram som eit soloinstrument, der det tidlegare berre hadde vore eit rytmeinstrument.

Earl Scruggs

Scruggs i 2005
Fødd6. januar 1924(1924-01-06)
FødestadCleveland County i Nord-Carolina i USA
Død28. mars 2012 (88 år)
DødsstadNashville i USA
FødenamnEarl Eugene Scruggs
OpphavUSA
Aktiv1945–2012
Sjanger
Instrument
Tilknytte artistar
Plateselskap
Verka somMusikar
Gift medLouise Scruggs
BornRandy Scruggs, Gary Scruggs, Steve Scruggs
PrisarNational Medal of Arts, Grammy Lifetime Achievement Award, stjerne på Hollywood Walk of Fame

Karrieren til Scruggs byrja då han var 21 år gammal, då han vart henta inn i bandet til Bill Monroe, The Blue Grass Boys. Namnet «bluegrass» vart sidan nytta om ein heil sjanger innan countrymusikk. Trass i stor suksess med Monroe, framføringar på Grand Ole Opry og innspelingar av klassiske hittar som «Blue Moon of Kentucky», slutta Scruggs i gruppa i 1946 på grunn av den heftige turnéverksemda. Eit anna medlem i gruppa, Lester Flatt, slutta òg og dei to slo seg seinare saman i ei ny gruppe kalla Flatt and Scruggs og The Foggy Mountain Boys. Banjoinstrumentalen til Scruggs kalla «Foggy Mountain Breakdown» kom ut i 1949 og vart ein varig hit, og vart populær på ny for ein yngre generasjon då han vart nytta i filmen Bonnie and Clyde i 1967. Songen vann to Grammyprisar og i 2005 vart han vald ut til Library of Congress sitt National Recording Registry i USA for bevaring for ettertida.

Flatt and Scruggs førte bluegrass ut til eit større publikum tidleg i 1960-åra med countryhitten «The Ballad of Jed Clampett» — kjenningsmelodien til situasjonekomedien The Beverly Hillbillies. Det var den første Scruggs-innspelinga som gjekk til topps på Billboard-lista. I løpet av 20 år spelte Flatt and Scruggs inn over 50 album og 75 singlar. Duoen vart oppløyst i 1969, hovudsakleg fordi Scruggs ønskte å spele ein meir moderne stil, medan Flatt ønskte å halde fram i den gamle tradisjonen, og meinte den harde bluegrass-fansen ville mislike det. Sjølv om kvar av dei skipa sine nye band, fekk ingen av dei igjen den same suksessen dei hadde hatt.

Scruggs fekk fire Grammyprisar, ein Grammy Lifetime Achievement Award og National Medal of Arts. Han vart medlem av International Bluegrass Music Hall of Fame og fekk ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. I 1985 vart Flatt and Scruggs innlemma saman i Country Music Hall of Fame og som duo vart dei plassert på 24. plassen på lista til TV-kanalen CMT over dei 40 beste mennene i countrymusikken. Scruggs fekk National Heritage Fellowship av National Endowment for the Arts, den høgaste æresprisen innan folkemusikk og tradisjonell kunst i USA. Fire verk av Scruggs er plassert i Grammy Hall of Fame. Etter Scruggs døydde i 2012, 88 år gammal, vart Earl Scruggs Center skipa nær fødestaden hans i Shelby i Nord-Carolina.

Utvald diskografi

endre

Tidlege singlar

endre

Mercury Records-singlar

  • 1949 — God Loves His Children / I'm Going to Make Heaven My Home
  • 1949 —We'll Meet Again Sweetheart / My Cabin in Caroline
  • 1949 — Baby Blue Eyes / Bouquet in Heaven
  • 1949 — Down the Road / Why Don't You Tell Me So
  • 1950 — I'll Never Shed Another Tear / I'm Going To Be In Heaven Sometime
  • 1950 — No Mother or Dad / Foggy Mountain Breakdown
  • 1950 — Is It Too Late Now / So Happy I'll Be
  • 1950 — My Little Girl In Tennessee / I'll Never Love Another
  • 1951 — Cora is Gone / That Little Old Country Church House
  • 1951 — Pain in My Heart / Take Me In A Lifeboat
  • 1951 — Doin' My Time / Farewell Blues
  • 1951 — Rollin' In My Sweet Baby's Arms / I'll Just Pretend

Columbia Records-singlar

  • 1951 — Come Back Darling / I'm Waiting To Hear You Call Me Darling
  • 1951 — I'm Head Over Heels In Love / We Can't Be Darlings Anymore
  • 1951 — Jimmie Brown The Newsboy / Somehow Tonight
  • 1951 — Don't Get Above Your Raising / I've Lost You
  • 1951 — 'Tis Sweet To Be Remembered / Earl's Breakdown
  • 1952 — Get In Line Brother / Brother I'm Getting Ready To Go
  • 1952 — Old Home Town / I'll Stay Around
  • 1952 — Over The Hills To The Poorhouse
  • 1952 — I'm Gonna Settle Down / I'm Lonesome and Blue

Mercury Records-singlar

  • 1952 — Pike County Breakdown / Old Salty Dog Blues
  • 1952 —Preachin' Prayin' Singin' / Will The Roses Bloom
  • 1953 — Back to the Cross / God Loves His Children

OKeh Records-singlar

  • 1953 — Reunion in Heaven / Pray For The Boys

Columbia Records-singlar

  • 1953 — Why Did You Wander / Thinking About You
  • 1953 — If I Should Wander Back Tonight / Dear Old Dixie
  • 1953 — I'm Working On A Road / He Took Your Place
  • 1953 — I'll Go Stepping Too / Foggy Mountain Chimes
  • 1954 — Mother Prays Loud in Her Sleep / Be Ready for Tomorrow May Never Come
  • 1954 — I'd Rather Be Alone / Someone Took My Place With You
  • 1954 — You're Not A Drop In The Bucket / Foggy Mountain Special
  • 1954 — 'Till the End of the World Rolls 'Round / Don't This Road Look Rough and Rocky
  • 1955 — You Can Feel It In Your Soul / Old Fashioned Preacher
  • 1955 — Before I Met You / I'm Gonna Sleep With One Eye Open
  • 1955 — Gone Home / Bubbling in My Soul
  • 1956 — Randy Lynn Rag / On My Mind
  • 1956 — Joy Bells / Give Mother My Crown
  • 1956 — What's Good For You / No Doubt About It
  • 1957 — Six White Horses / Shucking' the Corn
  • 1957 — Give Me the Flowers While I'm Living / Is There Room For Me
  • 1957 — Don't Let Your Deal Go Down / Let Those Brown Eyes Smile At Me
  • 1957 — I Won't Care / I Won't Be Hangin' Around
  • 1958 — Big Black Train / Crying Alone
  • 1958 — Heaven / Building On Sand
  • 1958 — I Don't Care Anymore / Mama's and Daddy's Little Girl
  • 1959 — A Million Years in Glory / Jesus Savior Pilot Me
  • 1959 — Cabin on the Hill / Someone You Have Forgotten
  • 1959 — Crying My Heart Out Over You / Foggy Mountain Rock
  • 1960 — The Great Historical Bum / All I Want Is You
  • 1960 — Polka On A Banjo / Shucking the Corn (remake)
  • 1960 — I Ain't Gonna Work Tomorrow / If I Should Wander Back Tonight
  • 1961 — Where Will I Shelter My Sheep / Go Home
  • 1961 — Jimmie Brown The Newsboy / Mother Prays Loud in MY Sleep?
  • 1962 — Cold Cold Lovin' / Just Ain't
  • 1962 — Hear the Whistle Blow A Hundred Miles / The Legend of the Johnson
  • 1962 — The Ballad of Jed Clampett / Coal Loadin' Johnny
  • 1963 — Pearl Pearl Pearl / Hard Travelin'
  • 1964 — My Saro Jane / You Are My Flower
  • 1964 — Petticoat Junction / Have You Seen My Dear Companion
  • 1964 — Workin' It Out / Fireball
  • 1964 — Little Birdie / Sally Don't You Grieve
  • 1965 — Father's Table Grace / I Still Miss Someone
  • 1965 — Go Home / Ballad of Jed Clampett
  • 1965 — Gonna Have Myself A Ball / Rock Salt and Nails
  • 1965 — Memphis / Foggy Mountain Breakdown
  • 1966 — Green Acres / I Had A Dream (med June Carter)
  • 1966 — Colours / For Lovin' Me
  • 1966 — The Last Thing On My Mind / Mama You Been On My Mind
  • 1967 — It was Only the Wind / Why Can't I Find Myself With You
  • 1967 — Roust-A-Bout / Nashville Cats
  • 1967 — The Last Train to Clarksville / California Up Tight Band
  • 1967 — Theme from Bonnie and Clyde (Foggy Mountain Breakdown) / My Cabin in Caroline
  • 1967 — Down In The Flood / Foggy Mountain Breakdown (remake)
  • 1968 — Like A Rolling Stone / I'd Like To Say A Word For Texas
  • 1968 — I'll Be Your Baby Tonight / Universal Soldier
  • 1969 — Foggy Mountain Breakdown / Like A Rolling Stone
  • 1969 — Universal Soldier / Down In The Flood
  • 1969 — Maggie's Farm / Tonight Will Be Fine


Seinare singlar

endre
År Singel Listeplasseringar Album
US Country CAN Country
1970 «Nashville Skyline Rag» 74 Earl Scruggs: His Family and Friends
1979 «I Sure Could Use the Feeling» 30 41 Today & Forever
«Play Me No Sad Songs» 82 66
1980 «Blue Moon of Kentucky» 46
1982 «There Ain't No Country Music on This Jukebox»
(med Tom T. Hall)
77 Storyteller and the Banjo Man
«Song of the South» (med Tom T. Hall) 72

Gjestesinglar

endre
Year Singel artist Liste Positions album
US Country
1998 «Same Old Train» ymse artistar 59 Tribute to Tradition

Musikkvideo

endre
År Video Regissør
1992 «The Dirt Road» (med Sawyer Brown) Michael Salomon
1998 «Same Old Train» (Various) Steve Boyle
2001 «Foggy Mountain Breakdown» (Earl Scruggs and Friends) Gerry Wenner

Album

endre
År Tittel Listeplassering
US Country US US Heat US Bluegrass
1957 Foggy Mountain Jamboree
1959 Lester Flatt and Earl Scruggs with the Foggy Mountain Boys
1961 Foggy Mountain Banjo
1963 I Saw the Light with Some Help from My Friends
The Ballad of Jed Clampett
Flatt and Scruggs at Carnegie Hall
1964 Flatt and Scruggs Live at Vanderbilt University
The Fabulous Sound of Lester Flatt and Earl Scruggs
1965 Town and Country
1966 Flatt and Scruggs Greatest Hits
1967 Strictly Instrumental (med Lester Flatt og Doc Watson)
1967 5 String Banjo Instruction Album
1968 The Story of Bonnie and Clyde (med Lester Flatt and the Foggy Mountain Boys)[1]
1969 Changin' Times
1970 Nashville Airplane
20 All-Time Great Recordings
1972 I Saw the Light with Some Help from My Friends
Earl Scruggs: His Family and Friends
Live at Kansas State 20 204
1973 Rockin' 'Cross the Country 46
Dueling Banjos 202
The Earl Scruggs Revue 169
1975 Anniversary Special 104
1976 The Earl Scruggs Revue 2 161
Family Portrait 49
1977 Live from Austin City Limits 49
Strike Anywhere
1978 Bold & New 50
1979 Today & Forever
1982 Storyteller and the Banjo Man (med Tom T. Hall)
Flatt & Scruggs
1983 Top of the World
1984 The Mercury Sessions 1
The Mercury Sessions 2
Superjammin'
1987 The Golden Hits
1992 The Complete Mercury Sessions
1998 Artist's Choice: The Best Tracks (1970–1980)
2001 Earl Scruggs and Friends 39 33 14
2002 Classic Bluegrass Live: 1959-1966
2003 Three Pickers (med Doc Watson og Ricky Skaggs) 24 179 2
2004 The Essential Earl Scruggs
2005 Live with Donnie Allen and Friends
2007 Lifetimes: Lewis, Scruggs, and Long

Kjelder

endre
  1. «Nashville Scene». Billboard Magazine (Nielsen Business Media) 80 (22): 43. 1. juni 1968. ISSN 0006-2510. Henta 24. november 2009. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Earl Scruggs