Earle Dickson

amerikansk ingeniør og oppfinnar

Earle Dickson (10. oktober 189221. september 1961) var ein amerikansk oppfinnar som er mest kjend for å ha funne opp sårplasteret.

Earle Dickson
Statsborgarskap USA
Fødd 10. oktober 1892
Død

21. september 1961 (68 år)
Kitchener

Yrke oppfinnar, designar

Dickson var tilsett i det medisinske firmaet Johnson & Johnson. Kona hans, Josephine, kutta og brende seg ofte på fingrane medan ho gjorde kjøkkenarbeid, og han oppdaga at gasbind festa til fingrane med limband ikkje heldt seg skikkeleg på plass. I 1920 fann han på å festa gasbindet til limbandet og dekkja det med ein noko kraftigare porøs duk. Etter kvart vart det også tilsett antiseptiske stoff til gasen, for å hjelpa til å halda såra reine og skunda på tilhelinga. Sjefen til Dickson, James Johnson, likte dette produktet svært godt, og bestemte seg for å produsera det. I 1924 vart det installert maskinar for å masseprodusera dei små bandasjane til Dickson.

Bakgrunnsstoff endre