East Renfrewshire

East Renfrewshire (låglandsskotsk Cooncil o Aest Renfrewshire, skotsk-gælisk Siorrachd Rinn Friù an Ear) er ein av 32 regionar i Skottland. Fram til 1975 var han ein del av grevskapet Renfrewshire i lag med dei moderne regionane Renfrewshire og Inverclyde. Sjølv om det ikkje lenger har lokalt styre er Renfrewshire framleis tradisjonelt grevskap og statthaldarskap for East Renfrewshire.

East Renfrewshire
Aest Renfrewshire
Siorrachd Rinn Friù an Ear
Geografi
Areal
174 km²
Administrasjonsstad
Giffnock
Demografi
Folketal
- Totalt (2008)
- Folketettleik

89 200
512,6 /km²

East Renfrewshire vart oppretta som region i 1996, og tok over for distriktet Eastwood i lag med Barrhead, som kom frå distriktet Renfrew. Det grensar til North Ayrshire, East Ayrshire, Renfrewshire, South Lanarkshire og City of Glasgow.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre