Renfrewshire
Renfrewshire (skotsk-gælisk Siorrachd Rinn Friù) er ein av 32 regionar i Skottland. Han er ein av tre regionar som var ein del av det historiske Renfrewshire, òg kjend som County of Renfrew eller Greater Renfrewshire, i lag med Inverclyde i vest og East Renfrewshire i aust. Det eldre Renfrewshire eksisterer framleis som eit seremonielt grevskap og statthaldarskap.
Renfrewshire | |
---|---|
![]() | |
Geografi | |
Areal |
261 km² |
Administrasjonsstad |
Paisley |
Demografi | |
Folketal - Totalt (2008) - Folketettleik |
169 800 650,6 /km² |
Sjølv om den tradisjonelle grevskapsbyen Renfrew ligg i regionen, er administrasjonsstaden i regionen den nærliggande byen Paisley. Renfrewshire grenser i sørvest til Glasgow og inneheld fleire av pendlarbyane og landsbyane i nærleiken av Glasgow.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Renfrewshire» frå Wikipedia på engelsk, den 14. desember 2009.