Ebbebreen er ein sidebre som er kring 100 km lang, og som flyt nordvest frå Homerun Range og Robinson Heights og så vest-nordvest mellom Everett Range og Anare Mountains og ut i Lilliebreen. Breen har felles skard med Tuckerbreen, som flyt søraust til Rosshavet. Han vart kartlagt av US Geological Survey frå landmålingar og frå flyfoto av US Navy skvadron VX-6 i 1960–62, og vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter offiser Gordon K. Ebbe, som var øvstkommanderande i skvadron VX-6 frå juni 1955 til juni 1956.[1]

Ebbebreen
isbre
Topografisk kart med skala 1:250 000 av Ebbebreen og delar av Admiralty Mountains. Breen går frå øvre venstre hjørne til midten av kartet.
Land  Antarktis
Stad Victoria Land
 - koordinatar 71°03′S 164°45′E / 71.050°S 164.750°E / -71.050; 164.750
Lengd 100 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Ebbebreen
71°03′S 164°45′E / 71.05°S 164.75°E / -71.05; 164.75
Ebbebreen is located in Antarktis
Ebbebreen (Antarktis)

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. «Ebbe Glacier». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 15. november 2012. 

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Ebbebreen» (innhald frå Geographic Names Information System).