Ed Graham
Edwin James Graham (fødd 20. februar 1977) er ein engelsk musikar, mest kjend som den originale trommeslagaren i rockebandet The Darkness, og sidan i avleggjaren Stone Gods fronta av gitaristen songaren Richie Edwards.
Ed Graham | |||
Ed Graham med The Darkness på Download Festival i Donington Park i England (10. juni 2011) | |||
Fødd | 20. februar 1977 (47 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Great Yarmouth | ||
Fødenamn | Edwin James Graham | ||
Alias | Ed | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 2000–2008, sidan 2011 | ||
Sjanger | Glam metal, hardrock | ||
Instrument | Trommer, perkusjon | ||
Tilknytte artistar | Stone Gods, The Darkness, Q*Sling | ||
Plateselskap | Atlantic, Must Destroy | ||
Verka som | musikar, trommeslagar |
Graham spelte på tre studioalbum med The Darkness: Permission to Land, One Way Ticket to Hell... and Back og Hot Cakes. I 2006 vart The Darkness oppløyst då Justin Hawkins slutta. Graham og Dan Hawkins skipa då Stone Gods, og henta inn Toby Macfarlaine og Richie Edwards. Graham slutta i dette bandet i 2008 på grunn av helsetrøbbel.[1]
Sidan skipa han bandet Karaoke for Beginners med den tidlegare Silverfish-gitaristen Andrew «Fuzz» Duprey.
I 2011 vart The Darkness samla att.[2] I oktober 2014 vart det annonsert at bandet ikkje lenger var nøgde med trommeslagaren Ed Graham og han fekk sparken.
I 2015 skipa Graham eit anna band med songaren Angus Duprey, bror til Fuzz Duprey. Bandet heitte Puppets to the Supreme Commander.
I 2017 spelte Graham trommer for eingangsbandet The Venus Reaction.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ed Graham» frå Wikipedia på engelsk, den 9. mai 2022.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Sad but True Arkivert 6. september 2008 ved Wayback Machine.
- ↑ Matthew Parker (10. april 2012). «The Darkness to support Lady Gaga on European tour dates». Musicradar.com. Henta 13. mai 2020.