One Way Ticket to Hell... and Back
One Way Ticket to Hell... and Back Studioalbum av The Darkness | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 28. november 2005 | |
Innspelt | 2005 | |
Sjanger | Hardrock, glam rock | |
Lengd | 35:04 | |
Selskap | Atlantic | |
Produsent | Roy Thomas Baker | |
The Darkness-kronologi | ||
---|---|---|
Permission to Land (2003) |
One Way Ticket to Hell... and Back | Hot Cakes (2012)
|
Singlar frå One Way Ticket to Hell... and Back | ||
|
One Way Ticket to Hell... and Back er det andre studioalbumet til det britiske rockebandet The Darkness. Det kom ut 28. november 2005 på Atlantic Records, og nådde 11. plassen på UK Album Chart. Det selde til platinaplate i Storbritannia. Det vart gjeve ut tre singlar frå albumet, og den første av desse, «One Way Ticket», nådde åttandeplassen på UK Singles Chart, og det same gjorde den andre singelen «Is It Just Me?».
Meldingar | |
---|---|
Samla karakter | |
Kjelde | Karakter |
Metacritic | 68/100[1] |
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [2] |
Alternative Press | [1] |
Entertainment Weekly | D+[3] |
The Guardian | [4] |
The Observer | [5] |
Pitchfork | 6.5/10[6] |
PopMatters | [7] |
Rolling Stone | [8] |
Spin | A-[9] |
Tiny Mix Tapes | 0/5[10] |
Bakgrunn
endreAlbumet vart produsert av Roy Thomas Baker, mest kjend for arbeidet sitt med Queen, ei stor inspirasjonskjelde for The Darkness. Bassisten Frankie Poullain slutta i bandet tidleg under produksjonen av albumet, og det meste av bassen på albumet er spelt av Dan Hawkins. Poullain har sagt at «Hazel Eyes» er favorittsporet hans på plata og sa «Eg utfordrar ein kvar etter eit par drinkar til å høyra på «Hazel Eyes» stå opp og IKKJE få Michael Flatley-ar.» Poullain var allereie kjent med seks av dei ti songane på albumet, og spelte «Hazel Eyes» , «Dinner Lady Arms», «Seemed Like a Good Idea at the Time» og «English Country Garden» på turné med bandet før han drog. Han skreiv òg fire av spora på albumet. Arbeidstittelen for albumet var The Painstaking.
Mottaking
endreAlbumet fekk blanda mottaking. Magasinet Q meinte det var det 22. beste albumet i 2005. Men Planet Sound skreiv at det var «den dyraste penisvitsen i verda», med tanke på den dyre forseinkinga av albumet og det hypermaskuline temaet som går gjennom det heile. I eit intervju med The Sun, sa Dan Hawkins at det kosta éin million britiske punkd å lage.
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Justin Hawkins og Dan Hawkins, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «One Way Ticket» | Hawkins, Hawkins, Frankie Poullain | 4:26 |
2. | «Knockers» | Hawkins, Hawkins, Poullain | 2:43 |
3. | «Is It Just Me?» | Hawkins, Hawkins, Poullain | 3:05 |
4. | «Dinner Lady Arms» | 3:16 | |
5. | «Seemed Like a Good Idea at the Time» | Hawkins, Hawkins, Poullain | 3:34 |
6. | «Hazel Eyes» | 3:25 | |
7. | «Bald» | Hawkins, Hawkins, Ed Graham | 5:31 |
8. | «Girlfriend» | 2:33 | |
9. | «English Country Garden» | 3:06 | |
10. | «Blind Man» | 3:25 |
Andre spor
endre- «Wanker» (B-side til One Way Ticket) (J. Hawkins/D. Hawkins) – 3:07
- «Grief Hammer» (B-side til One Way Ticket) (J. Hawkins/D. Hawkins) – 3:12
- «Shake (Like a Lettuce Leaf)» (B-side til Is It Just Me?) (J. Hawkins/D. Hawkins) – 3:18
- «Shit Ghost» (B-side til Is It Just Me?) (J. Hawkins/D. Hawkins) – 3:10
Medverkande
endre- Justin Hawkins – solo- og korvokal; solo- og rytmegitar; piano; Hammondorgel; Mini-moog; synth; sitar
- Dan Hawkins – rytme- og sologitar; bassgitar; røyrbjøller; marsjtrommer; tamburin; trinalge; korvokal
- Ed Graham – trommer
- Richie Edwards – bassgitarar; korvokal (turnémedlem)
Andre medverkande
endreSalslister
endreListe (2005–2006) | Plassering |
---|---|
Australske album (ARIA)[11] | 25 |
Austerrikske album (Ö3 Austria)[12] | 44 |
Belgiske album (Ultratop Flandern)[13] | 83 |
Belgiske album (Ultratop Flandern)[13] | 85 |
Finnish Albums (Suomen virallinen lista)[14] | 31 |
Franske album (SNEP)[15] | 132 |
Tyske album (Offizielle Top 100)[16] | 32 |
Irske album (IRMA)[17] | 20 |
Italienske album (FIMI)[18] | 27 |
Norske album (VG-lista)[19] | 29 |
Spanske album (PROMUSICAE)[20] | 76 |
Svenske album (Sverigetopplistan)[21] | 22 |
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[22] | 48 |
Britiske album (OCC)[23] | 11 |
US Billboard 200[24] | 58 |
Salstrofé
endreRegion | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Australia (ARIA)[25] | Gull | 35 000^ |
Storbritannia (BPI)[26] | Gull | 100 000^ |
^salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «One Way Ticket to Hell... and Back» frå Wikipedia på engelsk, den 11. mai 2022.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «One Way Ticket To Hell... And Back Reviews, Ratings, Credits, and More at Metacritic». Metacritic. Henta 7. mai 2012.
- ↑ Phares, Heather. One Way Ticket to Hell... and Back på Allmusic
- ↑ Endelman, Michael (2. desember 2005). «One Way Ticket to Hell... And Back Review». Entertainment Weekly. Arkivert frå originalen 25. april 2009. Henta 7. mai 2012.
- ↑ Petridis, Alexis (25. november 2005). «The Darkness, One Way Ticket to Hell ... and Back». The Guardian. Henta 10. mai 2022.
- ↑ Boden, Sarah (15. oktober 2005). «The Darkness, One Way Ticket to Hell ... and Back». The Observer. Henta 10. mai 2022.
- ↑ Mitchum, Rob (28. november 2005). «The Darkness: One Way Ticket to Hell... and Back». Pitchfork. Henta 10. mai 2022.
- ↑ Marchese, David (14. desember 2005). «The Darkness: One Way Ticket to Hell... and Back». PopMatters. Henta 10. mai 2022.
- ↑ Fricke, David (28. november 2005). «The Darkness: One Way Ticket To Hell... and Back». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 2. oktober 2007. Henta 10. mai 2022.
- ↑ Dec 2005. Spin. Henta 10. mai 2022.
- ↑ «The Darkness Music Review». Tiny Mix Tapes. Arkivert frå originalen 18. mars 2006. Henta 10. mai 2022.
- ↑ "The Darkness – One Way Ticket to Hell". Australiancharts.com. Hung Medien.
- ↑ "The Darkness - One Way Ticket to Hell" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien.
- ↑ 13,0 13,1 "The Darkness – One Way Ticket to Hell" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien.
- ↑ «Darkness». Musiikkituottajat. Henta 11. mai 2022.
- ↑ "The Darkness – One Way Ticket to Hell". Lescharts.com. Hung Medien.
- ↑ "Offiziellecharts.de – The Darkness – One Way Ticket to Hell" (På tysk). GfK Entertainment Charts.
- ↑ "The Darkness – {{{album}}}". Irishcharts.com. Hung Medien.
- ↑ "The Darkness – One Way Ticket to Hell". Italiancharts.com. Hung Medien.
- ↑ "The Darkness – One Way Ticket to Hell". Norwegiancharts.com. Hung Medien.
- ↑ "The Darkness – One Way Ticket to Hell". Spanishcharts.com. Hung Medien.
- ↑ "The Darkness – One Way Ticket to Hell". Swedishcharts.com. Hung Medien.
- ↑ "The Darkness – One Way Ticket to Hell". Swisscharts.com. Hung Medien.
- ↑ "20051204 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
- ↑ "The Darkness Album & Song Chart History" Billboard 200 for The Darkness. Prometheus Global Media.
- ↑ «ARIA Charts – Accreditations – 2006 Albums». Australian Recording Industry Association.
- ↑ «British album salstrofé – The Darkness – One Way Ticket to Hell... and Back». British Phonographic Industry. Enter One Way Ticket to Hell... and Back in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go