Edenbridge
(Omdirigert frå Edenbridge i Kent)
Edenbridge er ein småby i Kent i England. Han ligg i området Weald, nær staden der grevskapa Kent, Surrey og East Sussex møtes, og høyrer til distriktet Sevenoaks. Namnet kjem frå gammelengelsk Eadhelmsbrigge, «Eadhelms bro»; byen voks opp ved ein vadestad i elva Eden, ein sideelv til Medway som har fått namnet sitt frå byen.
Edenbridge | ||
---|---|---|
Gamlebyen | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Kent | |
Distrikt | Sevenoaks | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
7 808 | |
Koordinatar | 51°12′N 0°4′E / 51.200°N 0.067°E | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | TN8 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1732 | |
I mellomalderen vart byen eit sentrum for den omfattande jernindustrien i Weald. Fleire tømmerbygningar frå perioden er bevart, og ein av dei er innreidd som museum.
Byen vert tent av to jernbanestasjonar, ein ved linja frå Redhill til Tonbridge, og ein ved den gamle hovudlinja mellom London og Eastbourne. Dei to linjene kryssar kvarandre like utanfor Edenbridge.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Edenbridge» frå Wikipedia på bokmål, den 17. juli 2011.