Edgar Savisaar

estlandsk politikar

Edgar Savisaar (fødd 31. mai 1950 i Harku i Estland, død 29. desember 2022) var ein estisk politikar. Savisaar var partileiar for det estiske senterpartiet Eesti Keskerakond i ein lang periode. Han sat som statsminister i Estland frå 1990 til 1992, og var dermed også den fyrste etter samanbrotet til Sovjetunionen då Estland igjen kunne opprette nasjonalt og sjølvstendig styre. I åra 2001–2004 og 2007–2017 var han borgarmeister i Tallinn.[1]

Edgar Savisaar

Statsborgarskap Sovjetunionen, Estland
Fødd 31. mai 1950
Harku kommune
Død

29. desember 2022 (72 år)
Øst-Tallinn sentralsykehus, Tallinn

Yrke politikar
Språk estisk, russisk, tysk, finsk
Verv Statsminister i Estland
Periode 1991-1992
Etterfylgjar Tiit Vähi
Politisk parti Sovjetunionens kommunistiske parti, Folkefronten, Eesti Keskerakond
Ektefelle Vilja Savisaar-Toomast
Edgar Savisaar på Commons

Bakgrunn endre

Edgar Savisaar vart fødd i kvinnefengselet i Harku. Foreldra hadde sommaren 1949 vorte arresterte av dei sovjetiske okkupasjonsstyresmaktene. Faren vart dømd til sju år lang forvising til Sibir, medan mora fekk fengselsstraff.

Etter eksamen artium i 1968 studerte Edgar Savisaar fram til 1973 historie ved Universitetet i Tartu og arbeidde deretter som vitskapleg assistent. I 1980 tok han eksamen også i filosofi. Frå 1980 til 1988 arbeidde Savisaar i den statlege planleggingskomiteen i Estiske SSR. I 1988/89 var han direktør for rådgjevingsfirmaet Mainor.

Politikk endre

I perestrojka-åra engasjerte Savisaar seg for estisk lausriving frå Sovjetunionen, og gjekk inn for demokrati og menneskerettar. I 1989 vart Edgar Savisaar konstituert formann for ministerrådet for Estiske SSR, og i 1990 vart han næringsminister.

Den 3. april 1990 vart han formann for ministerrådet og dermed regjeringssjef. Då Estland igjen vart sjølvstendig den 20. august 1991, vart han statsminister. Han hadde dette embetet fram til januar 1992.

Frå 1992 til 1995 var Savisaar konstituert president for den estiske nasjonalforsamlinga (Riigikogu), og frå april til oktober 1995 var han innanriksminister. Han måtte fråtre stillinga grunna ein avlyttingsskandale. Frå 1996 til 2001 var Savisaar formann for byrådet i hovudstaden Tallinn, og frå 2001 til 2004 borgarmeister i byen.

Han vart i april 2005 nærings- og samferdsleminister i Andrus Ansip si fyrste regjering. Etter Riigikogu-vala i mars 2007 vart Eesti Keskerakond det nest største partiet i landet, men likevel var konstellasjonane slik at det ikkje lukkast Edgar Savisaar å halde fram som medlem av regjeringa. Dermed gjekk han tilbake til embetet som borgarmeister i Tallinn.

Referansar endre