Edmé Mariotte

fransk fysikar

Edmé Mariotte (ca. 162412. mai 1684) var ein fransk fysikar.

Edmé Mariotte

Fødd1620
Dijon
Død12. mai 1684
Paris
NasjonalitetFrankrike
Områdefysikk
Yrkekjemikar, katolsk prest, botanikar, fysikar
MedlemDet franske vitskapsakademiet

Han var først prior i eit kloster ved Dijon, og vart i 1666 medlem av Det franske vitskapsakademiet i Paris. Han fann, uahengig av Boyle, den lova som sidan har vorte kalla Boyle-Mariotte-lova. Han gav ei form for barometrisk høgdemåling, fann opp Mariotte-flaska, påviste blindeflekken på auga, undersøkte væskestraumar gjennom røyr, støyt mellom elastiske lekamar og gjorde viktige studiar av atmosfæriske forhold, som vasskrinslaupet.

Kjelder

endre